Aktiv student i Sogndal

Dei 2 300 studentane set sitt preg på saft- og fotballbygda med 8 000 innbyggjarar. Korte avstandar mellom hybel, høgskule, studentaktivitetar og natur gjer at du får meir ut av døgnet som student i Sogndal.

Den beste måten å bli kjent med andre på er å engasjere seg! Bli frivillig på studenthuset Meieriet, meld deg inn i ein studentorganisasjon eller ei linjeforening.

Studenthuset Meieriet

Meieriet kan fort bli din andre heim. Her vil du alltid treffe kjende, både på dag- og kveldstid. På Meieriet finn du cafe, pub og konsertarena. Quiz, spelekveldar, disko og temakveldar står ofte på programmet. 

Meieriet si speleliste gjennom eit semester er imponerande, og Vekao er eit høgdepunkt.

Studenthuset Meieriet har mange undergrupper du kan delta i, som band, kor, revy, foto med meir.

Aktive studentorganisasjonar

Linjeforeninger

Dei fleste utdanningane i Sogndal har eigne linjeforeninger. Desse er drive av studentar, og dei arrangerer både faglege og sosiale arrangement.

  • Yggdrasil: Studentar på fornybar energi, geologi og geofare, landskapsplanlegging, climate change og naturfag.
  • ØKS: Studentar på økonomi og administrasjon, økonomi og jus og reiseliv.
  • EMLIS: Eigedomsmeglarstudentar.
  • FO-studentene: Landsomfattande studentorganisasjon for studentar på barnevern, sosialt arbeid og vernepleie, med lokallag i Sogndal.
  • Pedagogstudentene: Landsomfattande studentorganisasjon for studentar på grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og PPU, med lokallag i Sogndal.
  • SOSS: Sosiologistudentar

Studentdemokrati

Studenttinget er det øvste organet i studentdemokretiet ved høgskulen, og består av 20 representantar frå alle dei fem campusane. Representantane møtast fem gonger i året for å vedta politikk som angår studentane ved høgskulen. Engasjer deg i Studenttinget for å vere med på å påvirke din eigen studentkvardag. Her kan du lese meir om Studenttinget.

Studentråda

Studentråda er det naturlege kontaktleddet mellom tillitsvalde. Høgskulen på Vestlandet har to typar studentråd, nemleg studentcampusråd og studentfakultetsråd.

Studentcampusråd

Studentcampusråda er organisert per studiestad, og representerer studentane ved dei fem campusane, Haugesund, Stord, Førde, Sogndal og Bergen. Medlemmane i studentcampusråda er dei instituttillitsvalte på kvar studiestad, og råda er leia av to campustillitsvalte. Les meir om studentcampusrådet Sogndal.

Studentfakultetsråd

Studentfakultetsråda er leia av to fakultetstillitsvalte og består av instituttillitsvalte på tvers av campus. Dei skal ta vare på studentane sine interessar ved fakultetet og fremme desse for fakultetsleinga, administrasjonen og studenttinget.

Følg HVL på sosiale medium!

Vi er på facebook.com/hvl.no og instagram.com/hvl.no. Tagg gjerne bilda dine med #hvlfolk.

Sjekk óg ut Facebook-gruppa for kva som skjer på HVL i Sogndal.


God stemning!

Meieriet er ei av landets beste livescener, og her står det alltid aktuelle artistar på scena!

Sjå kva som skjer på Meieriet!