Aktiv student på Stord

Frå dykking, segling og trening til fest, musikk og moro – på Stord finst det meste og noko for dei fleste.

Som student kan du bli medlem av studentorganisasjonar som tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar innanfor idrett og friluftsliv. I tillegg har du moglegheit til å påverke din eigen studiekvardag, til dømes gjennom studentpolitisk arbeid i Studenttinget.

Vil du bli fort kjent med andre, er det lurt å delta på mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka! Les meir om fadderarrangementa under studiestart her.

Studentforeningar

Er du glad i idrett og trening, har Stord alt du treng rett utanfor stovedøra di. På campus Stord finst ei flott krøllgrasbane og eit treningssenter med eit stort utval apparat og treningstimar i mellom anna fønk, catslide og aerobic. Ein kort spasertur gjennom parkområdet tar deg ned til badeplassen, der du kan ta eit forfriskande bad i fjorden heile året.

Råmund studentidrettslag er ope for alle og inviterer til aktivitetsdagar og idrettsarrangement, i tillegg til toppturar, alpinturar og paintball.

For dei som vil ta det eit steg vidare, kan ein utforske nye landskap og ta dykkarlappen med StudDykk, eller klatre, segle, jakte og stå på ski med StudKick.

Studenthuset Granheim

På studenthuset Granheim, som ligg på campus, blir det arrangert temafestar, quiz, konsertar og den årlege «Romstokk»-festivalen. Granheim er ein del av Studentersamfunnet Stord og blir drifta av studentane.

Interesseorganisasjonar

Pedagogstudentane er organisasjonen for deg som studerer på grunnskulelærar-, yrkesfaglærar-, barnehagelærar-, praktisk-pedagogisk-, faglærar-, og lektorutdanning. og for andre som har intensjon om å arbeide innan skulesystemet.

Studentdemokrati

Studenttinget er HVL-studentane sitt øvste organ. Studentane er også representerte i høgskulestyret og andre organ på høgskulen. Engasjer deg i studenttinget for å vere med på å påverke rammene for din eigen studiekvardag.

Studentråda er studentorganet på dei ulike avdelingane, og det naturlege kontaktleddet ut til klassane og enkeltstudentar. Følg HVL-studentrådet på Stord på Facebook her.

 

Studentar spelar konsert på musikkfestivalen Romstokk
Studentidrettslag på kunstgrasbana
Studentar i alpinbakke