Studentdemokrati på Stord

Studenttinget er HVL-studentane sitt øvste organ. Studentane er også representerte i høgskulestyret og andre organ på høgskulen.

Studenttinget på Vestlandet

Studenttinget på Vestlandet er det øvste organet i studentdemokratiet ved høgskulen, og består av 20 representantar frå alle høgskulens campus. Representantane møtest fem gonger i året for å behandle saker og vedta politikk som angår studentane ved høgskulen.

Engasjer deg i studenttinget for å vere med på å påverke rammene for din eigen studiekvardag.

Les meir om studenttinget her.

Studentråda

Studentråda er det naturlege kontaktleddet ut til klassane og enkeltstudentar. Ved Høgskulen på Vestlandet har vi to typar studentråd, nemleg studentcampusråd og studentfakultetsråd.

Studentcampusråd
Studentcampusrådene er organisert per studiestad, og representerer studentane ved de fem campusane Stord, Haugesund, Førde, Sogndal og Bergen. Medlemene i studentcampusråda er dei instituttillitsvalde på den gjevne studiestaden og rådet vert leidd av to campustillitsvalde.

Studentfakultetsråd
Studentfakultetsrådet vert leidd av to fakultetstillitsvalde. Dei skal ta vare på studentanes interesser ved fakultetet og fremje desse overfor fakultetsleiinga, sentraladministrasjonen og studenttinget.