Helse- og velferdstilbod Stord

Vi vil at studentane våre skal ha det godt og trivast i studietida. Studentsamskipnaden på Vestlandet tilbyr ulike tenester, som kan gjere det enklare å studere på ein god og effektiv måte.

Helse og rådgiving

Her er nokre tilbod til deg som er student på Stord:

  • Studentrådgivar
  • Fastlege
  • Tannlege
  • Psykolog
  • Helsestasjon
  • Helsefond

Les om dei enkelte tilboda her.

Barnehage

Studentar på Stord kan søke om barnehageplass for barna sine i fleire private og kommunale barnehagar på Stord. Du søker på nettsida til Stord kommune. 1. mars er søknadsfristen for hovudopptaket. Her kan du lese meir om barnehagetilbodet for studentar på Stord.

Tilrettelegging i studiet

Har du ei funksjonsnedsetting, dysleksi, psykiske lidingar/vanskar, eller andre utfordringar? Høgskulen kan hjelpe deg med ulike typar tilrettelegging for å gi deg ein best mogleg studiekvardag.

Eksamenskoden

Vi ønsker at du skal ha det bra som HVL-student, og at du skal lukkast med eksamen. Høgskulen og studentsamskipnaden har saman utvikla eit tiltak som skal hjelpe studentar med å mestre eksamen. Her kan du lese meir om #eksamenskoden.