Hybel på Stord

Studentsamskipnaden Sammen har 130 studentbustader plasserte på campus i «tøffelavstand» til høgskulebygga. I Leirvik sentrum finst det også gode og rimelege bustadalternativ på den private marknaden.

Det finst fleire ulike typar studentbustader, som dekker ulike behov: familieleilegheiter, par-leilegheiter, dubletthyblar og hyblar og leilegheiter for deg som vil bu aleine.

Det er sosialt og rimeleg å bu i ein studentbustad. Tildelinga av hyblar og leilegheiter startar samtidig som fristen til å søke om studieplass,15. april. Dersom du skal ha størst mogleg sjanse til å få akkurat den bustaden du har lyst på, bør du søke tidleg. Du kan altså søke om studentbustad før du veit om du får studieplass. Ofte får du tilbod om studentbustad før du får tilbod om studieplass. Du har moglegheit til å kansellere leigeavtalen dersom du ikkje får studieplass i hovudopptaket 20. juli. 

Les meir om studentsamskipnaden sine bustader på Stord.

Studenthyblar på campus Stord om natta