Er du usikker på kva du skal studere?

Her er seks tips på vegen!

1. Velg noko du interesserer deg for!

Likar du å hjelpe andre? Fordjupe deg i komplekse problemstillingar? Jobbe med hendene? Vere utandørs i arbeidstida? Trivast du med å jobbe kreativt? Eller likar du å planlegge, organisere og skape struktur? Snakk med studentar eller nokon som arbeider innanfor det feltet du er interessert i slik at du kan finne ut meir om kva studiet og jobben går ut på.

2. Finn ut kva som er viktigast for deg

Lag ei prioriteringsliste. Kva er dei tre viktigaste kriteria for deg i val av studium?

Høg fagleg kvalitet? Eit godt studentmiljø? Moglegheiter for relevant praksis? Moglegheiter for utveksling? Kort veg til fin natur? Kort veg til heimstaden? Kort veg til eit mangfoldig kulturtilbod? Ei utdanning som sikrar deg fast jobb? Å kjenne til dine eigne prioriteringar, vil hjelpe deg på vegen.

Når du har gjort det kan du sjekke nettsidene til aktuelle høgskular og universitet for å finne ut mest mogleg om korleis det er å studere der.

Undersøk også kva dei ulike studentsamskipnadane tilbyr av hyblar, helsetilbod med meir. 

3. Vurdér jobbmogleheitene

Kva er viktigast for deg? Ein trygg jobb, ein meiningsfull jobb, ein framtidsretta jobb eller moglegheit til å jobbe internasjonalt? Det er vanskeleg å seie noko heilt sikkert om arbeidsmarknaden, men ein kan seie noko om trendar. Utdanningar innan blant anna lærar-, teknologi-, helse- og sosialfag gir gode jobbutsikter. Historisk sett er det lav arbeidsløyse blant dei som har høgare utdanning. Du kjem langt med å fullføre ein grad. 

Ønskjer du å busette deg ein bestemt stad i landet? Korleis er jobbmoglegheitene der? Er lønna viktig? Sjekk ut kva lønnsnivå yrket du vel har. 

4. Sjekk om du er kvalifisert for utdanninga

Ein del utdanningar har spesielle opptakskrav. Sjekk ut om du er kvalifisert for utdanninga, eller om du kan du ta forkurs for å bli kvalifisert. Undersøk også kva snitt du treng for å komme inn på dei ulike utdanningane.  

5. Sjå for deg ditt framtidige «eg»

Sjå for deg kor du kan vere om fem år dersom du vel akkurat denne utdanninga. Er dette ein arbeidskvardag og eit liv som du trur at du vil trivast med?

6. Sjekk ut vårt studietilbod og kom på open dag!

Har du lyst til å sjå og føle på korleis det er å vere student ved Høgskulen på Vestlandet? Kom på open dag hos oss i Førde, Sogndal, Bergen, Haugesund og på Stord.

Høgskulen på Vestlandet tilbyr utdanningar innan lærarutdanning og kreative fag, ingeniør- og maritime fag, idrett, friluftsliv og folkehelse, natur- og samfunnsfag, økonomi og leiing, samt helse og sosialfag. Vi har også eit stort etter- og vidareutdanningstilbod.

 

Dette er HVL!