E-helse for HO og EL

E-helse inkluderer teknologiar som kan betre folkehelse og livsmeistring gjennom å styrke personars moglegheiter til å leve eit mest mogeleg sjølvstendig liv i eigen heim eller alternativt på institusjon.

Bruk av teknologi i helse- og omsorgsstenester er eit nasjonalt satsingsområde, og er eit område der både helsepersonell og teknisk personale treng kompetanse. Studiet inkluderer elektrofag (EL) og helse- og oppvekstfag (HO) og det vert lagt vekt på samhandling mellom desse.

Emnet har som mål å tilretteleggje for at studentene skal utvikle kunnskap innan e-helse med særskild fokus på kartlegging og tilpassingar av sensorteknologi med tilhøyrande regler for teknisk respons. Emnet skal vidare stimulere til fagkritiske haldningar i samanheng med utvikling og bruk av teknologiske løysingar i helse- og omsorgstenesta. Studentane skal tileigne seg basiskunnskapar innan e-helse som kan danne grunnlag for seinare utvidingar av kunnskapar og ferdigheiter.

Emnet skal styrke yrkesfaglærarar i utdanningsprogramma Helse og oppvekstfag (HO) og Elektro (EL) sin kompetanse innan bruk, moglegheiter og konsekvensar av teknologi i helse og omsorgstenesta.

Gjennom studiet får du:

  • fordjupe deg i moglegheiter og utfordringar knytt til e-helse
  • bli kjend med moglege teknologiske løysingar knytt til helse- og omsorgstenestene
  • auka kunnskap om samanhengar mellom behovskartlegging, tilpassing og nytte av teknologi for tenestemottakar, tenesteytar og tenesta
  • auka forståing for nytenking og innovasjon
  • auka grunnlaget for etiske og juridiske omsyn til teknologi i helse- og omsorgstenestene
  • lære om korleis e-helse kan implementerast

Studiet er ein del av Utdanningsdirektoratet si satsing Yrkesfaglærarløftet. Du kan søke om stipend eller vikarordning.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Arbeidet med læringsutbytta tar utgangspunkt i deltakarane sine yrkeserfaringar, og kunnskap som er viktig for å vidareutvikle ei oppdatert undervising innanfor helse- og oppvekstfag. Mellom samlingane deltar du i ei nettverksgruppe med kollegaer frå eigen skule.
Vi vektlegg bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer, og brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet.

Samlingar hausten 2020: 

  • Måndag og tysdag i veke 37og 42
  • Tysdag og onsdag i veke 46

Med forbehold om endringar grunna smittevernstiltak.

Tidspunkt for munnleg eksamen blir fastsett i samråd med skuleleiinga og studentane.