Opptak til årsstudium, bachelor-, og integrert femårig masterprogram

Viktige datoar

1. mars: Søknadsfrist dersom du søker med realkompetanse, dersom du søker om tidleg opptak eller om du søker om særskilt vurdering.

16. mars: Desentralisert sjukepleie har søknadsfrist

15. april: Ordinær frist for å søke opptak

Våropptaket har søknadsfrist 15. april (Samordna opptak)og 1. november (lokal søknadsweb)

1. juli: Frist for ettersending av dokument i Samordna opptak som blir avslutta på våren. Sjå eigne fristar i Søknadsweb for frist for opplasting til lokalt opptak.

19. juli: Oversikt over ledige studieplassar blir lagt ut på nettsida til Samordna opptak. 

20. juli: Svar på søknad om opptak via Samordna opptak. Ledige studieplassar opner for søknadar klokka 09.00.

24. juli: Svarfrist for tilbod og venteliste i Samordna opptak.

29. juli: Suppleringsopptak i Samordna opptak.

Korleis søke

Du søker gjennom Samordna opptak.

Ved HVL er det også eit våropptak til sjukepleie (Førde) og vernepleie deltid (Sogndal). Dersom du ikkje får plass gjennom Samordna opptak eller dersom du ikkje har søkt innan fristen 15. april, kan du i tidsrommet 1. september–1. november registrere søknad til våropptaket i Søknadsweb

Ønskjer du å søke opptak til desentralisert sjukepleie (Bergen) registrerer du søknad i Søknadsweb.

Opptakskrav

For å kvalifisere til opptak må du ha generell studiekompetanse. Nokre studium har spesielle opptakskrav. Då treng du i tillegg spesifikke fag frå vidaregåande. Kva krav som gjeld for dei ulike studia kan du sjå på studietilbodssidene våre.

Dersom du ikkje har generell studiekompetanse, men har relevant erfaring innan fagfeltet du ønskjer å studere, kan du søke på bakgrunn av realkompetanse. Du må fylle 25 år i søknadsåret.

Ved opptak til ingeniørutdanningane og nautikk kan du kvalifisere viss du har ein godkjent 2-årig teknisk fagskuleutdanning (rammeplan frå 1998/99 eller tidlegare ordningar) eller bestått 1-årig forkurs. 

Dokumentasjon

Du må dokumentere at du dekkjer opptakskrava, og eventuelt tilleggspoeng. Viss du ikkje lastar opp dokumentasjon, kan vi ikkje behandle søknaden din.

Viss du har et elektronisk vitnemål kan du sjå dette i søknaden din i Samordna opptak. Om du ikkje kan sjå det, kan heller ikkje vi sjå det. Då må du laste opp ein kopi av vitnemålet.

Her finn du meir informasjon om dokumentasjon.

Poengutrekning

Poengsummen din blir rekna med utgangspunkt i karakterane dine frå vidaregåande skule. Så blir eventuelle tilleggspoeng lagt til.

Du kan lese meir om korleis vi reknar din poengsum på sidene til Samordna opptak.

Reservasjon av studieplass

Ved innkalling til militær- eller sivilteneste, graviditet eller andre tungtvegande grunnar, kan du reservere studieplassen.

Sjå meir om reservasjon av studieplass og søknadsskjema.

Overflytting

Du kan søke om overflytting til nokre studieprogram. Overflytting er mogleg dersom ekstern utdanning er i samsvar med HVL si utdanning og det er ledige plassar. Du må ha studierett på tilsvarande studieprogram som det du søker overflytting til.

Du søker om overflytting via SøknadsWeb.

Sjå meir om overflytting til HVL.

Godskriving

Har du utdanning frå før som du vil ha som ein del av graden din ved HVL? Då kan du søke om godskriving. Du kan ikkje søke om godskriving før du har fått studieplass ved HVL. 

Sjå meir om godskriving av emne og søknadsskjema.

Levering av politiattest

Levering av politiattest skal skje ved studiestart dersom du ikkje har nokon merknad. Viss du har merknad må du levere attesten seinast tre veker etter du fikk tilbod om plass.

Viss du er usikker på om du må levere politiattest kan du sjekke opptaksbrevet ditt. 

Sjå meir om politiattest.

Forskrift og retningslinjer