Opptak til masterutdanning

Skal du søke opptak til masterutdanning? Her finn du utfyllande informasjon om søknadsprosess og opptakskrav.

Slik søker du

1. Registrer søknad

Du søker opptak til master i Søknadsweb.

Søk masterutdanning

 

Om du skal ta femårig integrert master, for eksempel grunnskulelærarutdanning, søker du i Samordna opptak. Bruk «søk studieplass»-knappen på nettsida til utdanninga du vil søke på, så kjem du til rett søknadsportal.

Fristar og datoar

Viktige datoar i opptaket er:

1. februar: Søknadsweb opnar
1. mars: Søknadsfrist for masterstudium innan helse- og sosialvitskap, og masterstudium med opptakskrav om praksis
15. april: Søknadsfrist for masterstudium utan krav om praksis
1. juli: Ettersendingsfrist for deg som fullfører bacheloren din denne våren. 

Prioritering i søknaden

Kva vil det seie å prioritere?
Prioriteringa er viktig for søknaden din. Du kan ikkje endre rekkefølga etter at søknadsfristen er gått ut.

Viss du vil søke opptak til fleire utdanningar i ein søknad, må du legge dei inn i prioritert rekkefølge. Du må legge det studiet du ønskjer mest på førsteplass, sette andrevalet som nummer to i søknaden, og så vidare.

Du får berre eitt tilbod i hovudopptaket. Utdanningane som ligg lengre ned på lista vil falle vekk. Viss du får tilbod på førstevalet ditt, vil du ikkje få tilbod på andreval eller lågare prioriterte alternativ. Takkar du nei til førstevalet, vil du ikkje kunne få plass på dei andre. Du må derfor vere oppmerksam på prioriteringsrekkefølga.

Problem ved søknad?

Finn ikkje studieprogrammet

  • Sjekk at du er i riktig søknadsportal.
  • Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
  • Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.

Problem med innlogging

Du må ha elektronisk ID for å logge inn i Søknadsweb. Du treng ikkje Feide for å søke. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.

Har du problem med å registrere søknaden som du ikkje får løst, må du sende oss ein e-post før søknadsfristen er gått ut, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.

 

2. Dokumenter at du dekker kravet

Du må vise at du dekker opptakskravet, for at vi skal kunne behandle søknaden din.  

Dokumentasjon og elektroniske resultat

Dokumentasjon viser at du er kvalifisert for utdanninga du har søkt opptak til. Du må laste opp dokumentasjonen i søknaden din (eller sjekke at det er elektronisk tilgjengeleg). Dokumentasjon sendt på e-post blir ikkje behandla.

 

Utdanning

Bachelor, eller tilsvarande, kan som regel hentast elektronisk. 

HVL-studentar kan sjå sine resultat i Studentweb eller Vitnemålsportalen.

Studentar frå andre institusjonar kan sjå utdanninga si under «eksterne resultat» i Søknadsweb.

Tek du opp fag? Sensuren må vere klar innan 1. juli, og du må gi oss beskjed at du har fått ny karakter. Du konkurrerer med ny poengsum frå datoen du fekk ny karakter. 

 

Praksis

Praksis (relevant arbeidserfaring) dokumenterer du med attest eller tenestebevis. Filen må vere i pdf-format, eller bilete/skann av utskrift. Filer i redigerbart format (t.d. word) blir ikkje godkjent.

Attest skal vere signert og datert av arbeidsgjevar, og må innehalde

  • Stillingstittel
  • Omfang (stillingsprosent eller timar jobba)
  • Start- og sluttdato
  • Stempel eller logo
Meir om dokumentasjon

Fullfører du utdanning dette semesteret?

Du kan framleis søke opptak, sjølv om du ikkje er heilt ferdig med utdanninga di.

Når du søker, må du: 

  1. Dokumentere alle karakterane du har til nå.
  2. Skrive i merknadsfeltet i søknaden kva utdanning du går på.
  3. Sende inn vitnemål innan 1. juli.

Viss du får plass
Du vil få svar på søknaden din før du er ferdig med utdanninga. Viss du ligg an til å møte opptakskravet, kan du få tilbod på vilkår. Det vil seie at du får plass mot at du sender inn det du manglar innan 1. juli. Dette kan gjelde både studieplass, og ventelisteplass.

Kva du må dokumentere og fristen for å dokumentere det, vil stå i tilbodsbrevet du får på e-post. Dette kan vere til døme at du må fullføre bachelorgrad med minst C i snitt.

Kva må du gjere etter du har fått plass?
Du har ansvar for å dokumentere vilkåra for tilbodet innan fristen du får. Dette gjer du ved å sjekke om digitalt vitnemål er tilgjengeleg i søkanden din. Viss ikkje, må du laste opp vitnemålet i søknadsweb.

Sjekk under «eksterne resultat». Viss du skal dokumentere ei ferdig utdanning, er det viktig at det står at utdanninga er «bestått» i ei eiga rad.

Obs. Mange skriv ikkje ut vitnemål før på hausten. Da må du få ei stadfesting frå universitetet eller høgskulen du går på at utdanninga er bestått. Du laster opp stadfestinga i søknaden din.

Er du HVL-student? Vitnemålet ditt vil vere klart innan 1. juli, og vi vil hente det elektronisk. Viss du vil sjekke vitnemålet ditt, logger du inn i vitnemalsportalen.no

Sånn konkurrerer du i opptaket
I hovudopptaket konkurrerer du med karakterane du har når du søkte opptak. Etter at du har fullført graden og fått vitnemål, blir alle karakterane dine bli talt med og poengsummen din blir justert.

Viss du sto på venteliste, men dei siste karakterane gjer at du kjem over poenggrensa, vil du få tilbod om studieplass.

Utdanning frå utlandet

Bachelorgrad
Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse, og høgare utdanning tilsvarande norsk bachelorgrad på 180 studiepoeng. Utdanning frå land utanfor Norden blir vurdert etter kriteria i NOKUT sin landdatabase

Språkkrav

Du må dokumentere at du har norsk- og engelskunnskapar på nivå med generell studiekompetanse. Les meir om regelverk for søkere med utenlandsk utdanning.

Dokumentasjon
Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse innan søknadsfrist.

 

3. Følg opp søknaden din

Etter du har registrert søknad og lastet opp dokumentasjon, er det viktig at du følger opp søknaden. Sjekk at du får kvitteringen på e-post. 

Viss vi manglar informasjon, vil vi ta kontakt på e-posten du har oppgitt i søknaden.

Når får eg svar?

Master innan helse- og sosialfag - innan 15. mai

Internasjonale masterutdanningar

  • Søkarar frå EU/EØS og Noreg: midten av mai

Alle resterande master - innan 1. juni

Svarfrist

Dei som får tilbod om studieplass må takke ja i Søknadsweb innan svarfrist. Svarfrist vil stå i tilbodsbrev og inne på Søknadsweb når resultat av opptaket er sendt ut. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.

Det same gjeld tilbod om å stå på venteliste. Ein må takke ja til tilbodet for å kunne bli med i eventuelle suppleringsopptak.

 

Opptakskrav

Du må ha bestått bachelorgrad. Fleire studieprogram har spesifikke opptakskrav i tillegg, som gjeld fagområde, fordjupingskrav, karakterkrav eller praksiskrav. Du finn alltid opptakskravet på nettsida til utdanninga.

C-krav

Nokre utdanningar har krav om C i snittkarakter. For masterprogram med C-krav, må du ha minst 25,00 karakterpoeng. 

C-kravet gjeld for heile bachelorgraden. Unntaket er master i kunstfag der berre karakterer frå fordjupingsfaga reknast.

Karakterar som ikkje er med i berekninga:

  • Emne som er "bestått" (utan karakter).
  • Karakterar som ikkje er ein del av opptaksgrunnlaget.
  • Karakterar frå utveksling blir berre teke med om dei tilsvarar 30 studiepoeng eller meir, og det finst ein omrekningstabell.

Krav om praksis/yrkespraksis

Korleis vet eg om eg må dokumentere praksis?

Ved nokre studieprogram er det krav om relevant praksis/yrkespraksis. Dette vil stå i opptakskravet på nettsida til utdanninga. Det vil óg stå kva type praksis og kor lang erfaring som er krevd.

Kva krav er det til praksis?

Praksis må vere relevant for utdanninga du søker, og vere gjennomført etter fullført bachelorgrad. Praksis vert rekna frå datoen som står på vitnemålet for bachelorgraden.

Korleis blir praksis vurdert?

Eitt år praksis tilsvarar 12 månedar i heiltidsstilling. Deltid blir rekna om til heiltid, eksempelvis vil to år i 50% stilling telle som eitt år i 100%.

Viss du har jobba ekstravaktar, så kan disse telle med viss dei dokumenterast på attesten. Då må det stå antal timar du har jobba.

Viss du er tilsett i ein stilling utan sluttdato, blir denne rekna fram i tid til 1. august (1. desember viss utdanninga starter om våren). Utrekninga tek utgangspunkt i stillingsprosent i attesten. Attesten må vere skrive same vår som du søker opptak. Ekstra vakter/timar blir ikkje rekna fram i tid.

 

Poeng

Korleis blir poenga mine rekna ut?

Slik blir poengsummen rekna ut:

Poengtype Forklaring
Karakterpoeng Vekta karaktersnitt x 10. Maksimalt 50 poeng.
+ Utdanningspoeng 1 poeng per 30 stp. Maksimalt 4 poeng.
+ Praksispoeng (der dette inngår) 2 poeng per 12 mnd. Maksimalt 6 poeng
= Konkurransepoengsum  

Dersom andre tilleggspoeng skal telje med i rangeringa til eit studieprogram, vil det stå i studieplanen.

Karakterpoeng

Karakterpoeng er det vekta karaktersnittet ditt, multiplisert med 10.

Karakterpoenga blir rekna ut av det vekta karaktersnittet som inngår i opptaksgrunnlaget til studiet, med mindre anna er fastsett i studieplan.

Utvekslingsopphald på 30 studiepoeng eller meir blir rekna med viss det fins utarbeida omrekningstabellar av NOKUT eller HVL. 

 

Tilleggspoeng for høgare utdanning

Du kan få poeng for høgare utdanning utover opptakskravet. Det er ikkje krav om at denne utdanninga må vere relevant for å få poeng.

Tilleggspoeng for praksis

For utdanningar som har praksiskrav, kan du få poeng viss du har meir praksis enn det som er opptakskravet.

Praksis vert rekna frå datoen på vitnemålet. Viss yrket krev autorisasjon, vert praksis rekna frå autorisasjonsdato.

Du kan og få praksispoeng for opptak til studium som ikkje har praksis som del av opptakskravet. Dette vil i så fall stå i studieplanen.

Korleis rekne ut karakterpoeng

Karakterpoeng er det vekta karaktesnittet ditt frå høgare utdanning multiplisert med 10, med mindre anna er fastsett i studieplanen.

Omrekningstabell

Karaktersnittet vert rekna på ein skala frå 5-1, kor 5 er høgast. For å kunne rekne ut karaktersnitt, må vi gjere om karakterane til riktig talverdi:

Bokstavkarakter Talkarakter Eldre bokstavkarakter Gir følgande talverdi
A 1,0–2,2 Særs godt (sg) 5
B 2,3–2,5 Mykje godt (mg) 4
C 2,6–2,7 Godt (g) 3
D 2,8–3,0 Noko godt (ng) 2
E 3,1–4,0 Lite godt (lg) 1

 

Emne som berre er bestått/ikkje bestått, blir ikkje rekna med i karaktersnittet.

Ved eldre vitnemål utan tal- eller bokstavkarakter reknast karakteren "bestått/greidd" som karakter C.

Vekta snitt

Når vi reknar ut vekta karaktersnitt, vil emne med fleire studiepoeng telje meir enn emne med færre. Ved vitnemål eller karakterutskrift utan vekting, reknar vi snittet av alle gjeldande karakterar.

Vi multipliserar talverdi med studiepoeng for kvart emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Produkta blir så summert, og delt på tal studiepoeng som er med i utrekninga. Resultatet blir berekna med tre desimalar. Dette blir det vekta karaktersnittet. Karakterpoeng er det vekta karaktersnittet multiplisert med 10.

Eksempel på utrekning:

Bokstavkarakter Talverdi Studiepoeng Talverdi x studiepoeng
A 5 15 75
E 1 5 5
C 3 15 45
B 4 30 120
B 4 20 80
Sum   85 325

 

Karaktersnitt: 325/85 = 3,824

Karakterpoeng: 3,824 x 10 = 38,24

Viss du har eit vitnemål der studiepoeng/vekttal ikkje er oppgitt for kvart emne, blir karakterane vekta ut frå rammeplanen som gjaldt då du fullførte utdanninga. Dette gjeld i hovudsak eldre helsefaglege utdanningar.


Poenggrenser

Du finn poenggrensene frå forrige opptak på studieprogramsida for studiet. 

Eldre poenggrenser finn du her.

Kvoter

På nokre studieprogram er studieplassane fordelt på ulike kvoter. Dette vil stå på nettsida til studieprogrammet.

Alle søkjarar som dekker opptakskrava til studiet, konkurrerer i ordinær kvote. Viss du dekker krava til fleire kvoter, konkurrerer du både i ordinær kvote, og i dei kvotene du er kvalifisert for. 

Usikker på poengsummen din? Test poengkalkulatoren! 

Merk at utrekninga i kalkulatoren berre er rettleiiande.

 

 

Les om masterutdanningane HVL tilbyr:


Opptakskontoret