PPU campus Sogndal

Dette er informasjon til deg som har fått tilbod om studieplass på Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) på campus Sogndal.

Studiestart

Studiestart vil vere i august - nærmare dato kjem våren 2019.

NB! Studentar som ikkje tar imot studieplassen, må gi beskjed om dette snarast.

Organisering

I utgangspunktet har pedagogikk og fagdidaktikk to felles emne: Leiing av læreprosessar i haustsemesteret og Skulen i samfunnet i vårsemesteret.

Det blir vanlegvis undervisning i pedagogikk to halve dagar i veka, og i fagdidaktikk ein til to halve dagar i veka. Pedagogikk har samla undervisning med alle studentane, men i fagdidaktikk er de delt ut i frå faga de har valt.

Timeplan vil bli tilgjengeleg på www.hvl.no/timeplan

Meir utfyllande informasjon finn du i studieheftet.

Praksis

Praksisopplæringa består av to praksisperiodar:

  • 6 veker praksis i vidaregåande skule
  • 6 veker praksis i grunnskule

Det er HVL som ordnar med praksisplasser til alle studentar. Vi har avtalar med skular i fylke som vi brukar som praksisskular.

Informasjon om praksis, politiattest, teieplikt og skikkavurdering.

Velkommen til oss!