Bitcoin, blokk-kjedeteknologi og den digitale økonomien

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i Bitcoin, den underliggjande blokk-kjedeteknologien og kryptovalutaen sin plass i det nasjonale og internasjonale pengesystemet.

Bitcoin har opna for nye mulegheiter i den digitale økonomien og emnet gjev og studentane ei forståing av koplinga mellom teknologi, økonomi og samfunnsvitskap. Bitcoin, og andre kryptovalutaer, må forståast i lys av alle desse områda.

Det er ingen krav til førehandskunnskapar innan teknologi og økonomi for å kunne ta dette emnet, og det vil passa både til teknologar med interesse for kryptovalutaer som betalings- og spekulasjonsobjekt og for økonomar med interesse for blokk-kjedeteknologi.

Studentane skal etter å ha gjennomført kurset forstå korleis Bitcoin er oppbygd og verkar. Emnet kan også fungera som ein inngang til vidare studiar av denne typen digital valuta og økonomi ved andre lærestader.

Kurset er lagt opp slik at det kan følgjast utan å måtta møta fysisk. Alle forelesingar blir strøyma og lagra som video i etterkant, og alt undervisingsmateriell blir tilgjengeleg på nettet. 

Litteratur/pensum

  • Satoshi Nakamoto: «Bitcoin – A Peer-to-peer Electronic Cash System» (white paper)
  • Andreas Antonopolous: «Mastering Bitcoin», 2. utgåve. (bok)

Nettressursar