Overflytting til studier ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Retningslinjer for overflytting ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Overflyttingsopptak er berre mogeleg dersom du har utdanning frå ein annan utdanningsinstitusjon eller frå HVL som er samanfallande med utdanninga på den aktuelle studiestaden, og dersom det er ledig kapasitet i kullet på studieprogrammet og studiestaden du søkjer.

Følgjande retningslinjer for overflytting i tråd med §2-10 i Forskrift om opptak ved Høgskulen på Vestlandet og er fastsett av dekan ved Fakultet for helse og sosialvitskap.

Opptakskrav:

  • Søkjer du opptak til 2. studieår på ei bachelorutdanning må du ha fullført minimum eitt år. Studieplanen du søkjer deg frå må vere lik studieplanen du søkjer deg til ved HVL. Det er ikkje mogleg å legge til rette for eventuell manglande samsvar mellom studieplanane.
  • Søkjer du opptak til 3. studieår på ei bachelorutdanning må du ha fullført 1. og 2. studieår. Studieplanen du søkjer deg frå må vere lik studieplanen du søkjer deg til ved HVL. Det er ikkje høve for spesiell tilpassing av studieløpet grunna manglande samsvar mellom studieplanar.
  • Du må ha aktiv studierett eller gyldig permisjon på din utdanningsinstitusjon. Permisjonen må ikkje vere knytt til utestenging grunna fusk eller skikkaheit.

Før du søkjer om overflytting, kan du sjølv samanlikne studieplanar, og sjå om det er full overlapp mellom studieplan eller studieprogram du søkjer deg frå, og studieplan eller  studieprogram du søker deg til. HVL vil ikkje vurdere fagleg samsvar før du har søkt om overflytting.

Dersom du er usikker på om studieplanane er heilt like, kan du søke nytt opptak til studiet på ynska stad gjennom Samordna opptak, og etter opptaket søke om godskriving av tidlegare utdanning.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med FHS-studierettleiar@hvl.no

Oversyn over studieprogram i opptaket 2024

Overflytting til 2. studieår:

  • Bachelor i barnevern
  • Bachelor i ergoterapi
  • Bachelor i fysioterapi
  • Bachelor i radiografi
  • Bachelor i sykepleie, heltid (alle campus)

Overflytting til 3. studieår:

  • Bachelor i barnevern
  • Bachelor i ergoterapi
  • Bachelor i fysioterapi
  • Bachelor i radiografi
  • Bachelor i sykepleie, heltid (alle campus)

Master

Det opnast ikkje opp for overflytting til masterprogram. Det betyr at du ikkje kan søke overflytting frå eit masterprogram på ein studiestad til ein anna studiestad.

Vidareutdanningar og enkeltemne

Det opnast ikkje opp for overflytting til vidareutdanningar. Det betyr at du ikkje kan søke overflytting frå ein vidareutdanning på ein studiestad til ein anna studiestad.