Bildekollasj av solceller, en solsikke, en foss og en vindmølle.

Energiteknologi | Ingeniør

Bachelor

Korleis møter vi dagens og framtidas energibehov på ein berekraftig måte? Med ei ingeniørutdanning i energiteknologi kan du vere med å utvikle nye energiløysingar som gir samfunnet sikker tilgang til energi frå fornybare kjelder.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Søknadskode i Samordna opptak

    203822

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

    Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

    Les meir om våre forkurs her.

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere energiteknologi?

    Som energiingeniør bidrar du til å møte samfunnets energibehov og klimamål på ein miljøvennleg måte.

    Gjennom studiet får du eit breitt syn på problemstillingar knytta til energi og klima. Du får kompetanse innan fornybar energi, energidistribusjon, energibruk og energieffektivisering. Du lærer om fornybare energikjelder, som vindkraft, bio- og solenergi, og om tradisjonelle energikjelder, som vasskraft og fossil energi.

    Studiet gir deg grunnleggande ingeniørkompetanse som er felles for dei ulike ingeniørfaga. Du vil difor ha evne til å omstille deg til stadig nye arbeidsoppgåver og du kan jobbe i mange ulike bransjar.

    Du kan studere bachelor i energiteknologi på heiltid ved campus Bergen. 

    Amruthaa Kishore studerer energiteknologi i Bergen. Ho trivst godt på laben, der ho får moglegheit til å utforske dei ulike faga i praksis.

    Møt Amruthaa

    Korleis er undervisninga?

    Du har forelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium og sjølvstudium. Ved gruppe- og laboratoriearbeid er det krav om fysisk oppmøte. 

    I 5. semester har du moglegheit å velje ulike valfag. Du kan velje mellom blant anna varme, ventilasjon- og kuldeteknikk, hydrogenteknologi, fornybar havenergi, solenergi og prosjektleiing. 

    I siste semester skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar. Det kan vere ei oppgåve frå ei bedrift i energisektoren, eller eit firma som ønskjer å bli meir energieffektivt. Du kan også bli med på energirelatert forskingsarbeid ved HVL.

    I Studiebarometer 2019 var energiteknologi ved HVL det best likte energistudiet i Noreg.

    Energiteknologi er eit naturleg bindeledd i mange samanhengar, og studiet gjer deg til ein veldig klassisk ingeniør som kan litt om alt. Samtidig har du valfaga i 5. semester som gir gode moglegheiter for spesialisering.

    Daniel Olausen Gullbrå
    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Laboratorium

    Vi har fleire ulike laboratorium som vi brukar i undervisninga:

    • Solenergilaboratorium knytt til eit passivhus,
    • Eit motorlaboratorium med blant anna ein beta-Stirlingmotor, som det berre finst eit fåtal av i Noreg. I forbrenningsmotorane blir biodrivstoff og moderne motorteknologi testa.
    • Marinlab, ein 50 meter slepe- og bølgetank der vi kan undersøke innretningar for tidevatn- og bølgekraft. Ved hjelp av 3D-scannar og 3D-printar kan ulike modellar konstruerast og byggast. Vi har også ein kombinert kraft-varme-eining (micro combined heat and power, CHP) for undersøkingar om energigjenvinning.

    Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?

    Ikkje noko problem! Ved HVL kan du ta ulike kurs som gjer deg kvalifisert til å starte på ein ingeniørutdanning.

    Les meir om forkurs, realfagskurs, y-vegen og tresemesterordning.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det. I 5. semester kan du i staden for å ta valfag ved HVL, reise på utveksling.

    Kor kan du reise?

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i energiteknologi kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Andre utdanningar du kanskje vil like