Vindmøller på snødekte fjell.

Fornybar energi

Bachelor

Vil du vere med og finne løysingar for berekraftig produksjon av fornybar energi? Med denne utdanninga kan du bidra med planlegging og tilrettelegging for meir bruk av fornybare energikjelder. 

Sogndal

Søk studieplass

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203835

Opptakskrav

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere fornybar energi?

Ei av dei viktigaste utfordringane verda står overfor, er å finne løysingar for korleis vi kan sikre tilgang til energi samtidig som vi reduserer klimagassutsleppa.

I Norge har vi god tilgang på fornybare energiressursar som vatn, vind og bioenergi. Å bruke desse ressursane på ein berekraftig måte er ei tverrfagleg utfordring, sidan også produksjon av fornybar energi påverkar naturen og samfunnet.

Tar du ei utdanning i fornybar energi i Sogndal, får du ein unik og tverrfagleg kompetanse innan fornybar energiteknologi, energisystem, energiøkonomi, miljø- og arealplanlegging.

Gjennom studiet lærer du om

  • energiressursar og det norske energisystemet
  • berekraftig energiomstilling
  • fornybar energiteknologi og innovasjon
  • miljøkonsekvensar ved produksjon og bruk av fornybar energi
  • politiske og sosiale handlingsdrivarar og barrierar ved energiomstilling
  • kva rolle kommune, fylke og stat spelar i utbygging av fornybar energi
  • planlegging, regulering og næringsutvikling innan fornybar energi-sektoren.

Korleis er undervisninga?

På utdanninga i fornybar energi har vi forelesingar, øvingar på laboratorium, og gruppe- og prosjektoppgåver. Du kjem tett på fagfeltet du utdannar deg til gjennom ekskursjonar, feltarbeid og gjesteforelesingar.

Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før vi begynner på neste emne.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. eller 5. semester.

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i fornybar energi kan du søke deg inn på følgande program på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like