Havteknologi - Kristiansund

Bachelor, hausten 2018

Med ei utdanning i havteknologi får du jobbe med framtidas viktigaste ressurs - havrommet. Bli med på eventyret!

Du kan utdanne deg som ingeniør i havteknologi med fordypning i havbruksteknologi eller petroleumsretta undervassteknologi.

Merk deg at HVL tilbyr denne utdanninga ved fleire studiestadar , og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.

I havbruksteknologi lærer du å forstå samspelet mellom organisme, miljø og teknologi i produksjonsprosessen. I petroleumsretta undervassteknologi lærer du om teknologi for utvinning og behandling av olje og gass, boring, komplettering, i tillegg til drift og vedlikehald av produksjonseiningar. Begge utdanningsretningane har fokus på overvaking av miljøet, for all utvikling i havet må utførast på ein berekraftig og god måte.

Under utdanninga har vi nært samarbeid med næringa, og det er moglegheit for utplassering i praksis, ekskursjonar og oppgåveskriving i ein verdsleiande industri. Bli med på eventyret - med eit hav av moglegheiter.

Undervisningsmåtar

Du får tradisjonell klasseundervisning og praksis, gruppeoppgåver, laboratorieoppgåver og innleveringsoppgåver. Mange av faga har prøvar undervegs, i staden for tradisjonell eksamen, og det er derfor større krav til jamleg fysisk oppmøte enn ved mange andre studium.

Fleire av faga har engelske lærebøker, og nokre av faga kan bli underviste på engelsk.

Praksis

Det er lagt opp til ein praksisperiode i og laboratorium, som driftar og vedlikehald subseautstyr. Praksis i bedrift kan ein i tillegg ta som valfag. Det vil gje deg eit spesielt godt innblikk i næringa, og ei forståing for korleis teorien blir brukt i praksis.

Kva kan du jobbe med?

For ein havteknolog er det arbeidsplassar over heile verda. Den tverrfaglege utdanninga gjer deg i stand til å arbeide på ei rekke felt i havrommet, i olje- og gass-sektoren, hos leverandørbedrifter og i rådgivande bedrifter. Du kan også få jobb i annan industri som treng ingeniørar med bakgrunn innan mekanikk og/eller elektronikk.

Utveksling

Du kan ta det siste semesteret ved ein av våre samarbeidspartnarar i Brasil, Australia eller Skottland. Dette semesteret består ofte av bacheloroppgåva og valfag.