Akuttsjukepleie for kommunehelsetenesta

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Jobbar du som sjukepleiar i kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta? Med denne vidareutdanninga utviklar du vurderings- og handlingskompetansen din knytt til pasientgrupper og enkeltindivid.

Mange pasientar har ofte fleire sjukdommar som kan vise seg ulikt, og vere vanskeleg å diagnostisere. Gjennom studiet lærer du å vurdere pasientar som blir akutt sjuke, får ei forverring av kronisk sjukdom eller treng grundig oppfølging og overvaking.

Du lærer om

  • normal aldring med vekt på biologiske endringar, aldersrelaterte sjukdommar, multisjuke
  • akutt funksjonssvikt, hjerneslag, hjarte- og sirkulasjonssvikt
  • infeksjonar, lungesjukdom og akutt respirasjonsvikt
  • sjukepleie ved akutte og kroniske smerter
  • akuttpsykiatri - akutt delir, depresjon, angst og psykose
  • kriterium for innlegging i KAD-senger
  • overvaking av pasientar og bruk av tvang
  • kommunikasjon, rettleiing og informasjon til pasientar og pårørande ved akutt sjukdom

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, øvingar, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.

Studiet er samlingsbasert, og vi legg opp til 7-8 samlingar á 3-4 dagar i løpet av studiet. I tillegg har du 8 hospiteringsdagar på avdelingar med akutte hendingar som t.d. KAD-senger, ambulanse, akuttmottak, intensiv og legevakt.

Mellom samlingane foregår kommunikasjonen gjennom den digitale læringsplattformen Canvas.

Timeplan

Hausten 2019:

  • Veke 36: 2., 3. og 4. september
  • Veke 39: 23., 24. og 25. september
  • Veke 42: 14., 15., 16. og 17. oktober
  • Veke 46: 11., 12., 13. og 14. november

Våren 2020:

  • Veke 2: 6., 7., 8. og 9. januar
  • Veke 6: 3., 4., 5. og 6. februar
  • Veke 10: 2., 3., 4. og 5. mars