Ansvarleg søkjar og plankonsulent

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Kvart år sender norske kommunar store mengder byggesaker i retur fordi søknadane er for dårlege. Nokre saker kjem ikkje ein gong til behandling før dei er sendt inn både to og tre gongar. Halvparten av plansakene blir møtt med innvendingar, mange av dei på grunn av mangelfulle søknader.

Vil du gjere det du kan for å få dine saker raskare gjennom? Vil du lukkast med søknaden eller planforslaget ditt? Då er dette studiet noko for deg.

Innhald: Studiet er eit praktisk orientert studium for ansvarleg søkjar og plankonsulent etter Plan- og bygningslova. Hovudvekta vil bli lagt på krava som blir stilt til ansvarleg søkar/plankonsulent og at deltakarane skal tileigne seg praktiske ferdigheiter og forståing for samhandlinga mellom aktørane.

Bestått kurs saman med anna nødvendig kompetanse, gir godkjenning som ansvarleg søkar i byggesaker. Vidare gir kurset saman med anna kompetanse grunnlag for å opptre som fagkyndig/plankonsulent i plansaker.

Timeplan

1. samling: 10.-11 september i Bergen, Scandic Ørnen hotel ( i samarbeid med Tekna)
2. samling: 16.-18. oktober i Bergen, Campus Kronstad
3. samling: 20.-22. november i Bergen, Campus Kronstad
Eksamen: 04.-05. desember