Familieterapi og nettverksarbeid

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Høgskulen på Vestlandet tilbyr to-årig vidareutdanning på deltid for deg som jobbar med å hjelpe mennesker i håndtering av konfliktfylte relasjonar og utfordrande livssituasjonar.

Målgruppe
Vidareutdanninga er eit tverrfagleg tilbod og vender seg til fagpersonar i helsevesenet, i barne- og familievernet og i skule- og oppvekstsektoren.

Dette er eit tilbod til deg som ønsker å bli betre i å hjelpe menneske i handtering av konfliktfylte relasjonar og utfordrande livssituasjonar i familie, arbeidsmiljø, skule- og nærmiljø.

Sentrale tema i vidareutdanninga

  • Innføring og praktisk øving i sentrale samtalemetodar som Løft, narrativ terapi, systemisk familieterapi og nettverksdialogar
  • Parterapi, nye familiekonstellasjonar, foreldrerettleiing og samlivsstyrkande tiltak
  • Nettverksarbeid og konflikthandtering
  • Mobilisering av familie- og vennenettverk ved kriser og katastrofar
  • Overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar
  • Familiebaserte behandlingsformer ved sjukdom hos barn/ungdom
  • Barn og vaksne som pårørande
  • Tryggleik i samtalar om vanskelege tema

Vidareutdanninga kvalifiserer for jobb som familieterapeut. Studiet kvalifiserer også til inntak på dei to siste åra av masterstudiet i familieterapi og systemisk praksis ved VID Diakonhjemmet i Oslo.

Organisering

Undervisninga består av 4 vekesamlingar per studieår.
Parallelt med studiet skal studenten ha gjennomført 120 timar rettleiing og kunne dokumentere minimum 100 timar praksis i klinisk arbeid.

Timeplan

Timeplan for "Familieterapi og nettverksarbeid" kull start 2019 Høst:

  • 1. samling: uke 39 2019 (Intensiv samling, hotell)
  • 2. samling: uke 46 2019
  • 3. samling: uke 08 2020
  • 4. samling: uke 19 2020