Elkraftteknikk, Y-veg

Bachelor, hausten 2019

Har du lyst til å jobbe med framtidas utfordringar? Energiforsyning er heilt avgjerande for at eit moderne samfunn skal fungere, og det er i dag eit stort fokus på fornybar energi. Denne bachelorutdanninga gir spennande jobbmoglegheiter i ein bransje som har stort behov for kompetanse.

Y-vegen er eit tilbod til deg som har yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev.

Sommarkurs i matematikk

Du startar med eit 6 veker langt matematikkurs (måndag-fredag) sommaren før du begynner på første året av bachelorutdanninga. Oppstart er 24. juni. Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2.

Gjennom studiet lærer du om

  • kraftproduksjon og overføring og forbruk av kraft, alt sett inn i ein miljøsamanheng
  • programmering, målesystem og programmerbare logiske styringar
  • elektriske anlegg
  • elektriske maskiner og installasjonar
  • høgspenning og kraftelektronikk

Studiet har fokus på miljøvennleg energiproduksjon, og gir ei brei oversikt over utviklinga på energiområdet.

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Praksis

Det siste studieåret kan du ha praksis i ei av våre samarbeidsbedrifter.

Kva kan du jobbe med?

  • Energibransjen har stort behov for fagfolk. Du blir kvalifisert til å jobbe med alle typar energiproduksjon
  • Prosjektering av elektriske og elektroniske system
  • Konsulent og elektro-entreprenør, føre tilsyn med elektriske anlegg
  • Arbeid offshore er like aktuelt som arbeid på land

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4., 5. eller 6. semester.

Sjå korleis det er!