Vidareutdanning i eldre, helse og samfunn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Denne vidareutdanninga har som mål å utdanna reflekterte yrkesutøvarar med høg yrkesetisk standard som kan ta initiativ til, organisera og setje i verk tiltak i samarbeid med eldre personar, pårørande, andre yrkesgrupper og frivillige. Studiet har spesielt fokus på helsefremjande arbeid, personsentrert omsorg, demens, palliasjon og samhandling mellom tenestenivå.

Utdanninga består av 4 emne á 15 studiepoeng

Semester 1: Eldre og helse, 15 sp

Semester 2: Sjuke eldre og samhandling, 15 sp

Semester 3: Valemne

Eldre, demens og alderspsykiatri, 15 sp

Eldre og palliasjon, 15 sp

Du kan og velje emne frå andre relevante studier etter avtale.

Semester 4: Fordjupning i eldre, helse og samfunn, 15 sp

Undervisningsmåtar

Målgruppe:

Helse- og sosialpersonell som jobbar med eldre i kommunehelse- og spesialisttenesta.

Arbeids og undervisningsformer:

Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.

Organisering:

Deltidsutdanning med samlingar på campus Haugesund, tre vekessamlingar pr. semester.

Hausten 2019 er det samling mandag til fredag i veke 35, 40 og 46.

Arbeidskrav:

Ulike arbeidskrav knytt til kvart emne. Krav til 80 % frammøte til undervisning for alle emne.

Eksamen:

Varierte vurderingsformer. Avsluttande vurdering for kvart emne.

Kva kan du jobbe med?

Offentlig og privat sektor med behov for kompetanse om eldre, helse og samfunn.

Vil du studere meir?

Deler av studiet kan etter søknad bli godkjend inn mot masterstudier i helse- og sosialfag.