Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning

Forkurs/fagskule, hausten 2019

Vil du ta ingeniørutdanning, men dekkjer ikkje opptakskravet? Etter dette eittårige forkurset kan du søke opptak til ingeniørutdanningar ved HVL og andre utdanningsinstitusjonar.

Forkurset inneheld desse faga:

  • matematikk
  • fysikk
  • kommunikasjon og norsk
  • teknologi og samfunn

Dersom du har nokre av faga frå før, kan du søke om fritak for desse.

Kurset gir ikkje generell studiekompetanse.

Minst 20% av studieplassane ved alle ingeniørstudium er reservert for kandidatar som har tatt forkurs for ingeniørutdanning. For å konkurrere om desse plassane må du ha fullført forkurs (minimum 30 timar per veke.)

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid og laboratorieøvingar. Du får tett oppfølging gjennom heile året.

Vil du studere meir?

Med fullført forkurs kan du søke opptak til ulike ingeniørutdanningar ved HVL.