Fjords and Glaciers

Halvtårsstudium, hausten 2019

Fjords and Glaciers er eit studium for deg som er glad i natur og friluftsliv, og som vil lære meir om miljøspørsmål, norske tradisjonar og naturen sin påverknad på kulturlivet i Noreg.

Den norske tradisjonen for friuftsliv og koplinga mellom dette og miljøspørsmål er grunnleggande i dette tverrfaglege studiet.

Du lærer om:

  • korleis mennesket påverkar naturen
  • korleis vi har brukt naturen gjennom tidene

Du får oppleve det typiske landskapet i Vest-Noreg med fauna og flora, og lære korleis dette landskapet blei danna og endra.

Studiet er tilrettelagt for utvekslingsstudentar, men er også ope for norske søkjarar dersom det er ledige studieplassar. Oppstart føreset tilstrekkeleg tal utvekslingsstudentar.

NB: oppstart for kurset vil vere 5. august.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, utandørsaktivitetar og ekskursjonar, arbeid individuelt og i grupper.

Undervisningsspråket er engelsk.

Praksis

Du har praksis i barnehage, grunnskule eller andre institusjonar der utandørsaktivitetar er inkludert.

Kor kan du reise?