Eittårig realfagskurs

Forkurs/fagskule, hausten 2019

Det er eit intensivt kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudium i Noreg. Høg arbeidsinnsats saman med topp motivasjon er kravet for å lykkast i kurset!

Om du har yrkesfagleg utdanning og manglar generell studiekompetanse, kan du søke opptak til vårt forkurs for å kvalifisere deg til ingeniørutdanning.

Faga i kurset er fysikk og matematikk på nivå med vidaregåande skule, og samsvarer i hovudsak med Fysikk 1, kjemipensum på nivå tilsvarande Naturfag Vg 1, Matematikk R1 og R2. Undervisninga er i stor grad vinkla inn mot studentane si vidare ingeniørutdanning.

Realfagkurset følger "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagkurs" utarbeidd av Universitets- og høgskulerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid og laboratorieøvingar. Du får tett oppfølging gjennom heile året. Undervisninga er på dagtid, det er om lag 50 % belastning.

Kva blir du kvalifisert for?

Bestått matematikk og fysikk på realfagskurset dekker krav til R1, R2 og fysikk 1 ved opptak til høgare utdanning i Noreg.