Kroppsøving 1, 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Med Kroppsøving 1 får du kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere varierte rørsleaktivitetar i ulike miljø. Vidareutdanninga rettar seg mot lærarar som underviser på 1.-7. trinn.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Undervisningsmåtar

Det blir lagt særleg vekt på kroppsøving som eit allmenndannande fag og korleis faget bidreg for elevanes allsidige kroppslege utvikling, oppleving og læring. Kroppsøving består av to 15-studiepoengsemne:

  • Kroppsøving 1 emne 1, haust 2019
  • Kroppsøving 1 emne 2, vår 2020

I studiet dekkast aktuelle tema som:

  • planlegge, gjennomføre og vurdere variert rørslelæring og –aktivitetar i ulike miljø, inne og ute, som kan gje elevane kroppslege erfaringar
  • kjerneelementa i kroppsøving: rørsle og kroppsleg læring, deltaking og samspel i rørsleaktivitetar samt uteaktivitetar og naturferdsel
  • arbeid i eit profesjonsfellesskap og utvikling av eigen undervisningspraksis med utprøving av til dømes modellen Lesson Study
  • fag og fagdidaktikk i kroppsøving i en fleirkulturell skule
  • digital kompetanse i kroppsøving
  • læreplanarbeid og vurdering for læring
  • tverrfaglege tema med spesiell vekt på berekraftig utvikling kor eit kulturperspektiv på miljødebatten blir tematisert
  • tilpassa opplæring
  • varierte arbeidsmåtar og læringsmetodar
  • elevmedverknad i kroppsøving
  • systematisk arbeid med faglege problemstillingar, refleksjonar og kunnskapsdeling samt vitskaplege arbeidsformer

For å kunne framstille seg til eksamen må studentane delta på 3 samlingar (80 % oppmøte-krav), digital oppfølging på nett (via Canvas) og ha bestått to andre arbeidskrav som blir spesifisert ved oppstart.

I kroppsøving 1 skal deltakarane levere inn eit bestemt tal obligatoriske arbeidskrav kvart semester. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjent før eksamen.

Eksamen haust 2019: 3 dagar skriftleg heimeeksamen

Eksamen vår 2020

Prosjekt: Ta utgangspunkt i fagdebatten og utarbeide ei problemstilling som skrivast som kronikk.  Munnleg presentasjon for fagkollegium ved eigen skule eller andre fora. Innlevering av prosjekt skal innehalde kronikken og ei evaluering av arbeidsprosessen og kunnskapsdelinga.

Innlevering av begge eksamenar blir opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F betyr ikkje bestått.

Timeplan

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar per semester.
Læringsplattforma er Canvas. Samlingane er lagt til Høgskulen på Vestlandet, Bergen og vil strekke seg over 2-3 dagar.

Kroppsøving 1, emne 1 haust 2019:

  • Samling 1: onsdag 11.09.19 (frå klokka 1400 og utover), torsdag 12.09.19 (heile dagen), fredag 13.09. 19 (avsluttar klokka 1400).
  • Samling 2: onsdag 23.10. 19 (frå klokka 1400 og utover), torsdag 24.10.19 (heile dagen), fredag 25.10.19 (avslutta klokka 1400).

Samling 3: torsdag 21.11. 19 (frå klokka 1400 og utover), fredag 22.11. 19 (avsluttar klokka 1400).

Kroppsøving 1, emne 2, vår 2020:

  • Samling 1: torsdag og fredag (datoar blir bestemt på første samling i september).
  • Samling 2: onsdag, torsdag og fredag (datoar blir bestemt på første samling i september).
  • Samling 3: onsdag, torsdag og fredag (datoar blir bestemt på første samling i september).