Musikk 1, 1.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle barn og unge musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom aktivitetsformane musisering, komponering og lytting. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskolen er det difor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske og kunstnarlege utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planlegge, gjennomføre og reflektere over musikkundervisning.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærararDu søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Musikkfaget er tufta på eit premiss om at alle menneske er like mykje verdt, og er difor godt eigna som regifag innanfor dei tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmestring og berekraftig utvikling som vi finn i fagfornyinga. Det er eit inkluderande fag kor “utanforskap” kan reduserast gjennom at elevane er aktive i samspel med kvarandre.

Studiet har desse hovudkomponentane: Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, musikalsk barne- og ungdomskultur, begynnaropplæring i musikk og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1–7 og 5-10 i gjeldande læreplan.

Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 1–7 og 5-10. Det blir lagt opp til eit differensiert opplegg for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn i deler av studiet dersom deltakarane har behov for dette. Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer dei fortrulege med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget. Arbeidet i studiet skjer gjennom samlinger, gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid, og gjennom studentane si bruk av studieinnhaldet i eigen ordinære undervisningspraksis.

Timeplan

Haust 2019:

Uke 36  4. – 6. september

Uke 42  16. – 18. oktober

Uke 47  20.-22. november

Vår 2020:

Uke 3    15. – 17. januar

Uke 10  4.- 6. mars

Uke 17  22. – 24. april