To studenter på en lab.

Kjemiingeniør

Bachelor

Er du opptatt av miljøutfordringane vi står overfor og likar realfag og teknologiske fag? Då kan kjemiingeniørutdanninga vere noko for deg!

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Søknadskode i Samordna opptak

    203009

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

    Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

    Les meir om våre forkurs her.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere kjemiingeniør?

    Som kjemiingeniør jobbar du med korleis vi kan utnytte naturressursane våre utan å skade naturen, og er med på å finne gode løysingar for ei berekraftig utvikling.

    Du kan studere kjemiingeniør på heiltid ved campus Bergen. 

    Kjemi er læra om stoff, korleis dei kan framstillast, kva eigenskapar dei har og korleis dei reagerer med kvarandre. 

    Gjennom studiet i kjemiingeniør lærer du

    • om grøn kjemi og korleis kjemi bidreg til å løyse utfordringar både i kvardagen, i industrisamanheng og i eit miljøperspektiv
    • bruk og handtering av kjemikaliar
    • bruksområda og funksjonane til moderne laboratorieinstrumentering
    • å utføre kjemiske analysar, inkludert miljø- og legemiddelanalysar
    • om oppbygging, funksjon og drift av industrielle prosess- og produksjonsanlegg 
    • utrekningar i samband med termodynamikk, strøymingslære, separasjon og reinseteknologi, samt varmetransport og varmeoverføring
    • å bruke ulike dataverktøy

    Kjemiingeniørutdanninga er yrkesretta med eit fokus mot miljø- og prosessteknologi. 

    Det er ikkje krav om Kjemi 1 og Kjemi 2 ved opptak.

    Korleis er undervisninga?

    Du får kontakt med industri- og næringsverksemd gjennom prosjektarbeid, ekskursjonar og gjesteforelesingar. Undervisninga er praktisk retta, med øvingar i moderne laboratorium. Arbeid i laboratorium blir utført både i studentgrupper og individuelt, og du får tett oppfølging.

    Du kan velje blant fleire spennande valfag, og du kan også ha praksis i ei bedrift.

    I siste studieår skal du gjennomføre ei bacheloroppgåve (prosjektoppgåve) i samarbeid med medstudentar. Bacheloroppgåva kan utførast internt ved Høgskulen på Vestlandet eller eksternt i ei bedrift. Du kan også ta bacheloroppgåva i utlandet.

    Avhengig av val av bacheloroppgåve og valfrie emne kan du fordjupe deg innan vatnreinseteknologi, batteriteknologi, biogassproduksjon, grøne kjemiske syntesar, prosesskjemi og datasimulering, samt akvakultur. 

    Praksis for kjemiingeniør

    I 5. semester, eller sommaren før, kan du velje å gjennomføre ein praksisperiode i ei bedrift. Dette gir deg relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet. Fagmiljøet har eit stort kontaktnettverk og kan setje deg i kontakt med lokalt næringsliv for praksis-, deltids- eller sommarjobb.

     

     

    Du kan følgje HVL kjemi på instagram.

    Har du fagskuleutdanning?

    Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?

    Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har fagskuleutdanning i prosess. Då tek du  utdanninga over 2 år. 

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

     

    Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?

    Ikkje noko problem! Ved HVL kan du ta ulike kurs som gjer deg kvalifisert til å starte på ein ingeniørutdanning.

    Les meir om forkurs, realfagskurs, y-vegen og tresemesterordning.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet i siste studieår. Sjå kor du kan reise i lista under. 

    Kor kan du reise?

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter ein fullført bachelor i kjemiingeniør er du kvalifisert til å søke på fleire mastergradsstudium ved HVL:

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Andre utdanningar du kanskje vil like