Engelsk 1, 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Engelsk 1 for 5.-10. trinn består av to emne og gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk i eit rikt og variert utval av tekstar til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærararDu søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

 

Digitale pedagogiske verktøy blir tatt i bruk i studiet. Studentane skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der deltakarane reflekterer over eigen praksis. Studentane skal kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga.

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Canvas brukast som kommunikasjonssystem og brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York.

Vurderingsformer: Emne 1 har munnleg eksamen i desember, og emne 2 har skriftleg eksamen i mai/juni.

Timeplan

Timeplan for høst 2019

 

Uke 36: 05 og 06 september

 

Uke 39: 26 og 27 september

 

Uke 46: 14 og 15 november

 

Timeplan Vår 2020

Uke 3

Uke 7

Uke 13