Engelsk 2, 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Engelsk 2 består av to emne og gir vidareutvikling av deltakarane sin eigen kompetanse og eigne ferdigheiter og didaktisk kompetanse. Studiet fokuserer på utvikling av elevane sin munnlege og skriftlege kompetanse, tekstkunnskap og grunnleggande ferdigheiter i engelskfaget.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærararDu søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studiet er delt i to emne med tema som språk og kultur med didaktikk, språkvariantar, språkanalyse, skjønnlitteratur i kulturell kontekst, intonasjon, komplekse grammatiske strukturar, litteratur frå engelskspråklege land. Studentane skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der deltakarane reflekterer over eigen praksis. Studentane skal kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga. Gjennom eit wiki Storyline-prosjekt får studentane også tatt i bruk IKT-ferdigheiter.

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Canvas brukast som kommunikasjonssystem og brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York.

Vurderingsformer: Emne 1 har skriftleg eksamen i desember, og emne 2 har munnleg eksamen i mai/juni.

Timeplan

Timeplan for høst 2019

uke 35. 29 og 30 august

uke 42. 17 og 18 oktober

uke 46. 14 og 15 november

 vår 2020

uke 4 uke 11 uke 17

Timeplan vår 2019

uke 04. 24 og 25 januar, torsdag og fredag

uke 11.14 og 15 mars, torsdag og fredag

uke 17. 25 og 26 april, torsdag og fredag