Læringsmiljø og pedagogisk leiing i barnehage

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Målet med studiet er å styrke den pedagogiske leiaren i arbeidet med barnegruppa og i samarbeid med føresette.

Det vil bli lagt vekt på kunnskap og pedagogisk leiing i møte med barn som aktørar i eigne og andre sine liv, og korleis omsorg, leik, læring og danning er integrerte delar av det didaktiske arbeidet i barnehagen. Det blir presentert teoretiske reiskap for å forstå, utvikle og styrke eigen kompetanse som profesjonell barnehagelærar.

Innhaldet blir samansett i tre hovudtema: Barnefellesskap, Intergenerasjonalitet og Barnehagen som utdanningskultur der ein arbeider etter spiralprinsippet slik at innhaldet i første tema også går inn i andre tema, og innhaldet i både første og andre tema er sentralt i tredje tema.

Studiet er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for framtidas barnehage.http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/etter-og-videreutdanning/pedagoger-barnehage/slik-soker-du//

Du kan søke om tilretteleggingsmiddel gjennom Udir. 

Timeplan

Alle dagar frå kl. 9.00 til 15.00.

Samlingsdatoer for høst 2019 og vår 2020:

  • samling: Torsdag 05. – fredag 06.sept.
  • samling: Torsdag 17. – fredag 18.okt.
  • samling: Torsdag 14. – fredag 15.nov.
  • samling: Torsdag 09. – fredag 10.jan
  • samling: Torsdag 13. – fredag 14.feb.
  • samling: Torsdag 16. – fredag 17.april