Mat og helse 1

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Mat og helse 1 er eit vidareutdanningstilbod for lærarar i heile grunnskulen. Her får du ei innføring i faget sin helsefremjande, miljømessige og kulturelle dimensjon.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar.

Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Gjennom studiet skal studentane få innføring innanfor fagområdet sin helsefremjande, miljømessige og kulturelle dimensjon. Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å gjere helsefremjande og førebyggande kosthaldsval, gjere barn og unge i stand til å opptre som ansvarlege forbrukarar på matområdet og gi dei forståing for den kulturelle betydninga mat og måltid har for enkeltindivid og samfunn.

Mat og helse 1 består av to emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Emne 1: Mat i eit læringsperspektiv
  • Emne 2: Mat i eit helseperspektiv

Emne 1 blir undervist i haustsemesteret, og emne 2 blir undervist i vårsemesteret. Begge emna blir avslutta med ein eksamen.

Mat og helse 1 er nett- og samlingsbasert med samlingar over to dagar tre gongar per semester. Samlingane skjer ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Studentane skal levere inn eit bestemt tal obligatoriske arbeidskrav mellom samlingane per semester.

Læringsplattforma Canvas blir brukt til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det forventast at studentar er aktive på læringsplattforma.

Vurderingsformer

Du skal levere inn eit bestemt tal obligatoriske arbeidskrav per semester.

Emne 1 avsluttast med ein praktisk-metodisk eksamen i januar 2020.

Emne 2 avsluttast med ein 4 timars skriftleg eksamen i mai 2020.

Timeplan

Timeplan for haust 2019:

Uke 36:  5-6.september

Uke 42: 17-18.oktober

Uke 48: 28-29. november

 

Timeplan for vår 2020 kjem.