Matematikk 2, 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Matematikk 2 er for lærarar som ønsker å fordjupe seg vidare i fagdidaktisk teori og matematiske emne som er relevante for barnetrinnet. Studiet har ei sterk praksisfastankring og forsking på og i eigen praksis er eige tema.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Målsetjinga med studiet er å styrke lærarane sitt faglege og didaktiske grunnlag for planlegging, gjennomføring, kritisk vurdering og vidareutvikling av matematikkundervisning frå 1. 7. trinn.

Studiet er delt i to emne:

  • Emne 1: Matematikk som undersøkande og resonnerande verksemd
  • Emne 2: Bruk og problemløysing i matematikk

Studiet har ei sterk praksisfastankring, med forsking som gjennomgåande tema.

Matematikk 2 er nett- og samlingsbasert med 2 dagars samlingar 3 gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Læringsplattforma Itslearning blir brukt og brukast til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det forventast at deltakarane er aktive på læringsplattforma.

Vurderingsformer:

Du skal levere inn eit bestemt tal forprøver per semester.

Emne 1 avsluttast med ein munnleg eksamen i desember 2019.

Emne 2 avsluttast med munnleg eksamen i mai /juni 2020.

Timeplan

Timeplan for høst 2019

29-30 august

26-27 september

31 oktober - 1 november