Naturfag 1, 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Kunnskap om naturfag er viktig for å forstå omgjevnadene våre, og for å legge til rette for ei berekraftig utvikling. Denne vidareutdanninga passer for lærarar som vil undervise i naturfag i grunnskulen.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærararDu søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Vidareutdanningskurset Naturfag 1 vil vektlegge ei konkret og praktisk tilnærming til grunnskulen si naturfagundervisning. Gjennom utprøving av ulike arbeidsmåtar og diskusjon, blir deltakarane inviterte til å utvikle sin eigen, og skulen sin praksis.

Naturfag 1 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1. - 7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Studiet er delt i to emne. Emne 1 undervisast hausten 2019 og emne 2 undervisast våren 2020.
Kvart emne består av 3 samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane skjer i tidsrommet kl. 09.00-16.00. Naturfag 1 behandlar fagstoff frå alle hovudområda i læreplan for grunnskulen sitt 1. - 7. årstrinn. Kurset legg vekt på medvite og målretta oppøving av dei grunnleggande ferdigheitene, slik dei er skildra i rammeverket. Kompetansemål som inngår i hovudområdet forskarspira, blir behandla i tilknyting til dei andre hovudområda.

Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane. Canvas er høgskulen sitt studiestøttesystem.

Vurderingsformer: Kvart emne avsluttast med ein skriftleg eksamen, ein i desember og ein i juni.

Timeplan

Høst 2019, Naturfag 1, emne 1 (NAB801):

  • 28., 29. og 30. august: Mangfold i naturen
  • 03. og 04. oktober: Kropp og helse/Mangfold i naturen
  • 31. oktober og 01. november: Kropp og helse/Mangfold i naturen
  • Desember: Eksamen.

Vår 2020, Naturfag 1, Emne 2 (NAB802):

  • 16. og 17. januar: Fenomener og stoffer/Teknologi og design
  • 19., 20. og 21. februar: Fenomener og stoffer
  • 02. og 03. april: Fenomener og stoffer
  • Mai/juni: Eksamen