Naturfag 2, 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Ønsker du å vidareutvikle deg som naturfaglærar? Med denne vidareutdanninga lærar du korleis du kan utvikle dei yngste elevane si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Korleis utvikle dei yngste elevane si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk, når dei introduserast for naturfaget? Korleis bruke dette til å hjelpe elevane til å forstå omgjevnadene våre, og for å legge til rette for ei berekraftig utvikling i framtida? Studiet vil vektlegge ei konkret og praktisk tilnærming til naturfagundervisninga i grunnskulen.

 

Naturfag 2 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Kurset bygger på naturfag 1, og er eit tilbod til lærarar som tidlegare har 30 studiepoeng i naturfag frå grunnskulelærarutdanninga. Til saman utgjer naturfag 1 og 2 ei årseining i naturfag (60 studiepoeng).

 

Naturfag 2 er delt i to emne:

 

  • Emne 1 undervisast hausten 2019 og tar for seg tema innan fysikk og kjemi.
  • Emne 2 undervisast våren 2020 og tar for seg tema innan humanbiologi, cellebiologi og evolusjon.

 

Kvart emne består av 3 samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane skjer i tidsrommet kl. 09.00-16.00 i hovudsak ved Høgskulen på Vestlandet på Kronstad.

 

Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, demonstrasjonar, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane. Canvas er høgskulen sitt studiestøttesystem.

 

Vurderingsformer: Emne 1 avsluttast med ein skriftleg eksamen i desember, og emne 2 avsluttast med ein munnleg eksamen i juni.

Timeplan

Høst 2019 naturfag 2, emne 1 (NAB 803):

  1. 05.-06. september: Universets bestanddeler, Kjemiske reaksjoner
  2. 09.- 11. oktober: Bevegelse, krefter og elektriske kretser Organisk kjemi
  3. 07.-08. november: Energiprinsipp, energiproduksjon, miljøutfordringar  og avfallshåndtering

Vår 2020 Naturfag 2, emne 2 (NAB 804):

  1. 09.-10. januar
  2. 12.-14. februar
  3. 16.- 17. april