Rekning som grunnleggande ferdigheit

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Å kunne rekne er ei nødvendig ferdigheit for ein kritisk og deltakande samfunnsborgar. Det kan opplevast utfordrande og komplekst å arbeide med å rekne i alle fag. Dette studiet skal gi innsikt, praktisk og teoretisk, i rekning som grunnleggande ferdigheit. Studiet skal bidra til å utvikle deltakarane som ressurs i kollegiet innanfor dette feltet.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studiet består av to emne, kvart på 15 studiepoeng.

  • Emne 1: Å kunne rekne
  • Emne 2: Didaktiske implikasjonar

Kvart emne går over eit semester og avsluttast med ein eksamen. Studiet er nett- og samlingsbasert med 2 dagars samlingar 3 gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Det leggast ut leksjonar og arbeidsoppgåver på Canvas mellom samlingane. Studiet vil veksle mellom forelesning, studentaktiv arbeidsform, seminar, rettleiing, nettdiskusjon, munnlege framlegg og skriftleg arbeid.

Vurderingsformer: Emne 1 avsluttast med munnleg eksamen i desember, og emne 2 avsluttast med ein skriftleg heimeeksamen i mai/juni.

Timeplan

Haust 2019

Torsdag: 10.15 -16.00

 Fredag: 08.15 - 14.00

Uke 34: 22.-23. august

Uke 38: 19.-20. september

Uke 43: 24.-25. oktober