Lindrande behandling, pleie og omsorg 1

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Arbeid med alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira næraste, er lærerikt og utfordrande. Din kompetanse er avgjerande for at både den sjuke og familien skal oppleve livskvalitet i den siste fasen av livet.

Prinsippa bak lindrande behandling, pleie og omsorg blir brukt både ved kreftsjukdom og andre alvorlege kroniske sjukdommar. Fagfeltet palliasjon er relativt nytt, og ny kunnskap blir utvikla fortløpande. Studiet legg opp til at du skal få utvikla din eigen erfaringskunnskap, og tileigne deg ny kunnskap på området, slik at din kompetanse kan bety ein forskjell for pasient og pårørande.

Du lærer:

  • om korleis det er å leve med alvorleg, uhelbredeleg sjukdom
  • å arbeide og argumentere kunnskapsbasert
  • sentrale teoriar innan palliasjon, som håp, meining, liding, sorg og eksistensielle behov
  • om pårørande sin situasjon
  • korleis du skal kommunisere med menneske i krise
  • om symptomlindring ved langtkomen sjukdom

Studiet kan inngå som valfritt emne i masterstudiet Samhandling innan helse- og sosialtenester

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid og seminar. Sjølvstudium mellom samlingane, mellom anna til arbeidskrav og heimeeksamen.

Timeplan

Hausten 2019:

  • Veke 38: 16., 17. og 18. september
  • Veke 25., 26. og 27. november

Våren 2020:

  • Veke 10: 2., 3., 4. og 5. mars