Læringsmiljø og pedagogisk leiing

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Studiet er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for framtidas barnehage.http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/etter-og-videreutdanning/pedagoger-barnehage/slik-soker-du//

Innhald

Hovudtema i emne 1:

  • Pedagogisk leiing knytt til samarbeid med barnehagens aktørar.
  • Pedagogisk leiing knytt til barnehagens fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom.
  • Observasjon og pedagogisk dokumentasjon.
  • Kritisk refleksjon.

Hovudtema i emne 2:

  • Metodar.
  • Pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Pedagogisk leiing knytt til barnehagens læringsmiljø med fokus på korleis vi gjennom kritisk refleksjon kan undersøke og ivareta barns demokratiske læreprosesser og psykososiale læringsmiljø.

Undervisningsmåtar

Organisering og arbeidsmåte:
Forelesing, dialog og refleksjon i klasse/grupper, praktisk arbeid, gruppearbeid og framføring av studentarbeid.

Arbeidskrav:
80 % deltaking i undervisning og i nettmøter, obligatoriske oppgåver blir presisert i semesterplan.

Forelesningsplan:
Samlingsbasert, 3 fysiske samlingar over 2 dagar pr. semester. I tillegg kjem nettbaserte samlingar.

Vurdering:
Emne 1: Skriftleg heimeeksamen. Emne 2: Mappeeksamen som tel 60/100 og munnleg framføring som tel 40/100. Karakter A-F.

Timeplan

Veke 36: Samling torsdag 5. og fredag 6.9

Veke 38: Nettmøte onsdag 18.9

Veke 40: Nettmøte onsdag 2.10

Veke 43: Samling torsdag 24.  og fredag 25.10

Veke 45: Nettmøte onsdag 6.11

Veke 47: Samling torsdag 21. og fredag 22.11