Lærarspesialist i kroppsøving, 8.-13. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Jobbar du som kroppsøvingslærar på 8.-13. trinn, og ønskjer å fordjupe deg meir i kroppsøvingsfaget? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing "Lærarspesialist". Dette er ein ny karriereveg i skulen som gir deg som lærar moglegheit til fagleg vidareutvikling med eigen skule som utgangspunkt. Vidareutdanninga er på masternivå, og kvalifiserer til funksjonen lærarspesialist i norsk grunnskule og vidaregåande skule.

Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.  

Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Du lærer å

  • skape og leie eit profesjonsfellesskap med kolleger for å bevisstgjere og vidareutvikle profesjonsfeltet og lærarspesialistrolla i kroppsøving
  • bidra til fagleg utvikling av kroppsøving, i samarbeid med kollegaer
  • utvikle og formidle fagdidaktiske problemstillingar saman med forskarar, kollegaer og omverda
  • kommunisere resultat frå empiriske undersøkingar av forsking og utviklingsarbeid i kroppsøving 8.-13. trinn
  • gjennomføre læreplananalysar og vere ein pådrivar ved implementering av læreplanar og profesjonsutvikling

Undervisningsmåtar

Studiet er samlings- og nettbasert, med samlingar i Sogndal, Bergen og på Stord. Vi har 2-3 samlingar per semester, og nettsamlingar á 2 timar mellom samlingane. Du arbeider i nettbaserte studiegrupper mellom samlingane. Slik foregår nettsamlingane.

Det er 4-6 arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i forskingsbasert utvikling av eigen praksis, fordjuping i fag og fagdidaktikk, skule og profesjonsutvikling og vegleiing. Minst eitt av desse skal handle om lærarspesialistrolla.

Timeplan

Samlingar onsdag og torsdag.

Haust 2019: Veke 36 og 42 i Sogndal. Veke 47 i Bergen.

Vår 2020: Veke 6 og 19 i Sogndal.