Matematikk 3

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Denne vidareutdanninga bygger på Matematikk 1 i allmennlærar-/ grunnskulelærarutdanninga, og er på masternivå.

Du fordjupar deg innan matematikkdidaktikk, med vekt på kjenneteikn og utfordringar ved læring og undervisning i matematikk, og emne som står sentralt i rein og anvendt matematikk.

Du lærer

  • å bruke ulike metodar for matematiske bevis til å generalisere matematiske samanhengar
  • om forsking innanfor læring og undervisning i matematikk
  • å arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • å analysere, reflektere over og grunngi korleis du som lærar kan påverke læringsmiljøet og motivasjon for matematikk gjennom val av undervisnings- og arbeidsformer
  • å analysere og kommunisere om matematikkdidaktiske og matematikkfaglege problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • å kommunisere om læring og undervisning innanfor matematikk, både på eit formelt og uformelt nivå

Dette blir konkretisert gjennom arbeid med seks tema: Talteori, statistikk, geometri, undervisnings- og arbeidsformer i matematikk og problemløysing.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og undervisning i grupper med ikt som hjelpemiddel. Studiet er samlingsbasert, med 4-5 samlingar per semester.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom læringsplattformen Canvas og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect.

Timeplan

2019/20

  • Samlingar onsdag i veke 35, 39, 43, 46, 48, 2, 6, 11, 14 og 17.