Studieplan - Matematikk 3

Kull hausten 2019

Læringsutbytte

Studentane skal etter fullført emne ha:

Kunnskapar:

  • ha inngåande kunnskap om sentrale kvantitative metodar
  • ha inngåande kunnskap om forsking innanfor læring og undervisning i matematikk

Ferdigheiter:

  • kan å nytte ulike metodar for matematiske bevis til å generalisere matematiske samanhengar
  • kan analysere og kommunisere om matematikkdidaktiske og matematikkfaglege problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing

Generell kompetanse:

  • kan analysere, reflektere over og grunngje korleis læraren kan påverke læringsmiljøet og motivasjon for matematikk gjennom val av undervisnings- og arbeidsformer
  • kan kommunisere om læring og undervisning innanfor matematikk, både på eit formelt og uformelt nivå

Innhald

Studentane skal fordjupe seg innan statistisk metodelære og matematikkdidaktikk. Det vert lagt særleg vekt på kjenneteikn og utfordringar ved læring og undervisning i matematikk, og emne som står sentralt i rein og anvendt matematikk (statistikk).

Innhaldet i emnet vert konkretisert gjennom arbeid med seks tema: talteori, geometri, statistikk, undervisnings- og arbeidsformer i matematikk, problemløysing og bevis.

Studiet har 5-6 samlingar per semester, i tillegg til nettførelesingar.

Praksis

Studentane skal planleggje og gjennomføre eit matematikkopplegg over 6-8 undervisningstimar. Studentar på 4GLU kan gjera dette som del av den obligatoriske praksisen.

Arbeidsformer

Emnet er bygd opp rundt samlingar som kombinerer førelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, presentasjonar frå studentar og gruppearbeid. I løpet av emnet vil studentane møte ulike arbeidsformer som vert nytta i matematikkundervisning. Emnet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presentert for. Canvas vert nytta aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform. Det vert også nokre nettførelesingar i Adobe Connect.

Vurderingsformer

Sjå emneomtale