IKT i læring

Master, hausten 2019

IKT i læring er eit tverrfagleg masterstudium for pedagogar og lærarar. HVL er ein av få institusjonar i landet som tilbyr eit slikt studium.

Bruk og integrering av IKT i pedagogisk praksis og teori står sentralt i studiet.

Gjennom studiet tileignar du deg kunnskap om

  • sentrale pedagogiske spørsmål som gir perspektiv på bruk av digitale verktøy
  • nye trendar innan IKT i læring
  • utviklingsverktøy på ulike nivå
  • praktisk og teoretisk kunnskap om fasane i eit forskingsprosjekt

Du kan velje mellom følgjande profilar/faglege fordjupingar: 

  • Teknologisk orientert profil, med vekt på korleis digitale verktøy blir brukt i enkeltfag. Her kan du fordjupe deg i utviklinga av digitale læremiddel og utvikling av nettstøtta læringsmiljø.
  • Allmenndidaktisk profil med vekt på pedagogisk utviklingsarbeid, der fordjuping kan knyttast til utviklingsarbeid innan skuleleiing, skuleutvikling, rettleiing, tilpassa opplæring eller andre relevante pedagogiske og/eller tverrfaglege tema.

Studiet kan gjennomførast på heiltid (2 år), deltid (4 år), eller ein kombinasjon av desse (3 år).

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert og nettstøtta, og det blir lagt til rette for fleksibel gjennomføring. Nettundervising og nettmøte blir gjennomført primært tysdag og onsdag, i økter på inntil to timar per emne.

Kva kan du jobbe med?

  • Fullført utdanning kvalifiserer for å arbeide som lektor i grunnopplæringa 1.-13. klassetrinn (gjeld ikkje for deg som søker opptak på grunnlag av barnehage-/førskulelærarutdanning).
  • Med Kunnskapsløftet og auka bruk av IKT i samfunnet, er behovet for arbeidskraft med pedagogisk IKT-kompetanse stort.
  • Studiet gir òg eit vitskapleg grunnlag for forsking og utvikling innan IKT i læring.
  • Tidlegare studentar ved HVL arbeider i dag på høgskular, universitet, i grunnskulen og på vidaregåande skular. Studiet rekrutterer òg arbeidskraft til andre offentlege og private næringslivsprosjekt.

Vil du studere meir?

Fullført utdanning kvalifiserer for opptak til ph.d.-studium.

Timeplan

2018

Oppstartssamling v 35

Kull 2018: 29. - 31.august

Kull 2017: 29. -3 1.august

Vitskapsteorisamling veke 43

Kull 2018: 22. -2 4.oktober

Kull 2017: 23. - 25. oktober

2019

Akademisk skrivesamling: veke 2
Kull 2018: 9. - 11. januar

Forskingsskissesamling: veke 14

Kull 2018: 1.-3.april

Analysesamling veke 12

Kul 2017: 18.-20.mars