Mariningeniør med selvdesignet skip i vannet

Marinteknikk | Ingeniør

Bachelor

Den viktigaste oppgåva til mariningeniøren er å gjere berekningar for å kunne designe nye skip, flytande konstruksjonar og forankringssystem på ein sikker måte.

Bergen

Søk studieplass

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203011

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

Les meir om våre forkurs her.

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere marinteknikk?

Noreg er verdsleiande innan teknologi for skip, plattformer og oppdrettsanlegg. Her spelar marinteknikkingeniøren ei nøkkelrolle i utvikling av ny teknologi innan fornybare energikjelder som tidevasskraft, offshore vind- og bølgekraft.

Teknologiutvikling innan fornybar energi med tidevasskraft, offshore vind- og bølgjekraft er avgjerande for framtidig verdiskaping og for korleis vi brukar havet på ein miljøvenleg måte. Her bidreg marinteknikkingeniøren med utvikling av nye installasjonsmetodar, men også ved å bruke kjent kunnskap innan konstruksjon, hydrodynamikk og forankring frå skip og plattformer.  

Gjennom studiet lærer du om

  • hydrodynamisk design og konstruksjon
  • utvikling av sikre installasjonsmetodar
  • forankring av flytande konstruksjonar, deriblant flytande havvind plattformer

Du kan studere marinteknikk på heiltid ved campus Bergen. 

Joel hadde eigentleg tenkt å bli lege, men gjorde heilomvending og begynte på martinteknikk ved HVL. Han har aldri sett seg tilbake!

Møt Joel

Korleis er undervisninga?

Undervisninga varierer mellom forelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, i tillegg til sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte.

Vi samarbeider med den marine industrien i bergensområdet, og du skriv bacheloroppgåve i nært samarbeid med relevante bedrifter.

Du får tilgang til ulike dataverktøy for design, utrekning og konstruksjon. Vi har også ein 50 meter lang modelltank,  MarinLab, som blir brukt for å synleggjere teori og til å verifisere resultat frå utrekningar. MarinLab blir brukt både i undervisning og i bacheloroppgåver.

Studenter på MarinLab

Det 50 meter lange skipsmodell-laboratoriumet MarinLab har ei fullautomatisert bølgemaskin. Laboratoriumet blir brukt til undervisning, studentprosjekt og forsking i samarbeid med industrien.

 

Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?

Ikkje noko problem! Ved HVL kan du ta ulike kurs som gjer deg kvalifisert til å starte på ein ingeniørutdanning.

Les meir om forkurs, realfagskurs, y-vegen og tresemesterordning.

 

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

 

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet, om du ønsker det. Sjå kor du kan reise i lista under. 

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i marinteknikk kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt. Blant anna går mange vidare på masterstudier i marinteknikk ved NTNU eller på University of Strathclyde.  

Andre utdanningar du kanskje vil like