Norsk 3

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Ønskjer du ei fordjuping i norskfaget? Då er dette ei vidareutdanning for deg! Utdanninga er på masternivå, og hovudvekta ligg på metodikk i språk- og litteraturundervisning.

Du lærer om

  • moderne leseforsking, med vekt på eksplisitt leseopplæring i vidare leseundervisning
  • respons og vurdering i norskfaget
  • moderne språkundervisning, metodar og teoriar
  • det norske fleirspråklege landskapet
  • metodiske tilnærmingar til nynorsk som hovudmål og sidemål
  • metodar for og syn på litteraturundervisning
  • samansette og digitale tekstar

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, diskusjonar, seminarpresentasjonar og gruppearbeid. Gjennom studieåret skriv du fem akademiske fagtekstar.

Studiet er samlingsbasert, med rundt 5 samlingar i kvart semester.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom læringsplattformen Canvas.

Timeplan

2019/20

  • Samlingar onsdag i veke 35, 39, 43, 46, 48, 2, 6, 11, 14 og 17.