Studieplan - Norsk 3

Kull hausten 2019

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studentane ha:
Kunnskapar:

  • inngåande kunnskap om talemål og fleirspråklegheit i Noreg på 2000-talet.
  • grundig kunnskap om prinsipielle skilnader mellom tale og skrift.
  • grundig kunnskap om utviklinga av den norske skriftkulturen og kunne reflektera over grunnlaget for det moderne norskfaget.

Ferdigheiter:

  • kan ulike metodar i moderne språkundervisning, og kunna reflektera over likskapar og forskjellar på morsmåls- og framandspråksopplæring.
  • kan ulike metodiske tilnærmingar til nynorsk som hovudmål og sidemål.
  • kan ulike metodar for og syn på litteraturundervisning og kunna reflektera over dei ulike syna.

Generell kompetanse:

  • har avansert fagleg innsikt i moderne leseforsking, med vekt på den eksplisitte leseopplæringa i vidare leseundervisning,
  • har avansert fagleg innsikt i det moderne norske språklandskapet og vilkåra for språklæring for norske elevar,
  • har inngåande fagleg innsikt i litteraturdidaktiske metodar og korleis desse kan kome til uttrykk i klasserommet,
  • har inngåande fagleg innsikt i undervegsvurdering og kva for utfordringar som knyter seg til å gje undervegsvurdering eit innhald i dei ulike delane av norskfaget,
  • kan bruke ikt som verktøy i undervisning og kan bruke digitale verktøy på ein måte som styrkjer norskundervisninga,
  • kan dokumentere kunnskap om samansette tekstar, og kunne organisere undervisning i dette emnet.

Arbeidsformer

Studiet er bygd opp rundt samlingar som kombinerer førelesingar, diskusjonar, seminarpresentasjonar og gruppearbeid. I løpet av emnet vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer. Ei gjennomgåande arbeidsform er skriving av større og mindre akademiske fagtekstar, med tilhøyrande studentrespons. Studiet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presenterte for.

I løpet av studieåret leverer studentane fem større arbeid i ei arbeidsmappe. Det blir gjeve obligatorisk student- og lærarrespons på arbeida, som så blir utvikla vidare og mot slutten av studieåret lagt i ei eiga evalueringsmappe for sluttvurdering.

Vurderingsformer

Sjå emneomtale