Vurdering av barnets beste

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Denne vidareutdanninga styrker dei tilsette i barnevernstenesta sin kompetanse til å gjere faglege vurderingar av barnets beste i alle fasar og delar av ei barnevernssak, samt styrker vurderings- og avgjerdskompetansen i det barnevernsfaglege arbeidet.

Målgruppe:
Tilsette i det kommunale barnevernet.

Vidareutdanninga er eit samarbeid med Høgskulen i Volda og inngår i Bufdir sin kompetansesatsing innan kommunalt barnevern. Kompetansestrategien 2018-2024 er en del av Barnevernsreforma som var vedteken av Stortinget juni 2017, og har som mål gje tidligare og betre hjelp til barn i barnevernet.

Studiet er organisert som eit emne på 30 sp. Det er lagt opp til seks samlingar frå onsdag til fredag, fordelt på to semester. Tre samlingar haust og tre samlingar vår.

Hovudtema:

Samling 1: Profesjonell kompetanse og vurdering av barns beste med fokus på kritisk refleksjon
Samling 2: Barnesyn og barns medverknad
Samling 3: Omsorgsvurdering og barns utvikling. Barn og familiar i kontekst
Samling 4: Kunnskapsgrunnlag og avgjerdsprosessar i barnevernstenesta
Samling 5: Styrking av fagleg skjøn i ulike fasar av ei barnevernssak
Samling 6: Oppfølging av barn plassert utanfor heimen, ettervern og avslutning av barnevernssaker

Undervisningsmåtar

Studiet legg vekt på varierte undervisningsformar der målet er at studentane skal øve opp sine praktiske ferdigheiter, haldningar og kunnskapar. Undervisninga vil opne for refleksjon over eigen praksis og utvikle denne i møte med teoretisk kunnskap. 

Timeplan

Samlingar haust 2019
Alle samlingane: onsdag til fredag

veke 37: 11. - 13. september
veke 43: 23. - 25. oktober
veke 49: 4. - 6. desember

Samlingar vår 2020
veke 3: 15.-17. januar
veke 10: 4.-6.mars
veke 16: 15.-17.april