Nasjonal leiarutdanning for styrarar i barnehagar

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Jobbar du som styrar eller assisterande styrar i barnehage? Med denne vidareutdanninga utviklar du deg som leiar, og barnehagen din som ein lærande organisasjon.

Vidareutdanninga er ein del av Utdanningsdirektoratet si nasjonale styrarutdanning, og er tilrettelagt for å kunne kombinerast med full jobb. Barnehageeigar må godkjenne søknaden din.

Studiet skal hjelpe deg og personalet ditt til å sjå kompleksiteten i arbeidet som leiar, og ivareta dei omfattande oppgåvene som er knytt til det å leie ein barnehage.

I utdanninga tar vi utgangspunkt i arbeidsplassen din og arbeidsplassen til medstudentane dine. Vi vektlegg fagleg innhald som er relevant for kvar barnehage, men også for barnehagen som del av utdanningsfeltet lokalt, regionalt og nasjonalt.

Du lærer om:

  • Leiarrolla
  • Samarbeid, organisasjonsbygging og rettleiing av personalet
  • Styring og administrasjon
  • Endring og utvikling i barnehagen som lærande organisasjon

Barns læring og utvikling er eit gjennomgåande tema, og vil vere del av dei tema som er nemnt over.

Studiet er eit samarbeid mellom HVL og NLA Høgskolen i Bergen, og er på masternivå.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, øvingar, rettleiing i grupper og individuelt arbeid. Studiet er samlingsbasert, med til saman 9 samlingar.

 

Mellom samlingane skal du gjennomføre studiearbeid både individuelt og i grupper. Nokre av arbeida er nettbasert. Vi vektlegg aktiv deltaking, og at studiet skal vere eit lærande fellesskap der både studentar og faglærarar arbeider tett saman.

Vil du studere meir?

Vidareutdanninga kan brukast inn i Master i organisasjon og leiing - utdanningsleiing, og kan innpassast som erstatning for emna Leiing og endring i organisasjonar og Leiing av pedagogisk verksemd (15 +15 studiepoeng).

Timeplan

  • Samlingar hausten 2019: 3.-4.9, 8.-9.10. og 12.-13.11.
  • Samlingar våren 2020: 21.-22.1, 10.-11.3 og 28.-29.4
  • Samlingar hausten 2020: 8.-11.9, 6.-7.10 og 10., 11., og 12.11.

Vi startar samlingane første dag klokka 10.00-16.00, og klokka 09.00-15.00 andre dag.