Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13

Årsstudium, hausten 2019

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei lærarutdanning for deg som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise i eit fag du allereie har utdanning i. PPU for yrkesfag er for deg som har yrkesfagleg utdanning, enten i form av eit fag-/ svennebrev eller ei profesjonsutdanning frå høgskule eller universitet. Du må ha minimum to år med relevant yrkeserfaring for å kunne søke opptak til studiet.

Studiet er ramma inn av eit kunnskapssyn der profesjonskompetanse er definert som ein konstruksjon av fleire ulike kunnskapsformer. Det består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng yrkesdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet 

For å kunne ta eksamen, må du ha minimum 80 % frammøte i begge emna. 

Du kan velje mellom desse fagprofilane:

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Elektrofag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Naturbruk
  • Restaurant- og matfag
  • Teknikk- og industriell produksjon
  • Design og tradisjonshandverk
  • IKT og medieproduksjon
  • Salg, service og reiseliv
  • Frisør, - blomster- og interiørdesign

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium og gir deg som framtidig faglærar nødvendig startkompetanse. Gjennom ei forskande tilnærming til lærestoffet, tileignar du deg viktige ferdigheiter, erfaringar og kunnskapar.

Utdanninga følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden. Studieheftet blir tilgjengeleg våren 2019.

Undervisningsmåtar

Studiet er samlings- og nettbasert. Undervisninga kan bli lagt til helg, og delar av den fagdidaktiske undervisninga kan foregå på ein annan campus enn der du er tatt opp. Nærmare informasjon om tidspunkt for samlingar, arbeidskrav m.m. blir gitt i emneplan og studiehefte.

Utdanninga er forskingsbasert, og du tileignar deg grunnleggjande kunnskap og ferdigheiter knytt til utøvinga av læraryrket. Yrkesfaga i din eigen fagbakgrunn skal saman med pedagogikk, yrkespedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis, gi deg ei heilskapleg og profesjonsretta lærarutdanning.

Vi har varierte og studentaktive arbeidsformer. Kva arbeidsformer som blir brukt er avhengig av kva tema vi arbeider med. Nærmare presisering kjem i emneplan og studiehefte.

Praksis

Praksisopplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar. Du tileignar deg praktisk erfaring med pedagogisk teori og yrkesdidaktiske fenomen som blir tatt opp i dei to teoretiske emna i studiet. Slik legg studiet til rette for at dei pedagogiske, yrkesdidaktiske og praktiske elementa gjensidig kan utfylle kvarandre i kvalifiseringa til læraryrket.  

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein yrkesfaglærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå HVL deltar. Du kan ta halvparten av praksisopplæringa ved eigen arbeidsplass.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga kvalifiserer og sertifiserer for arbeid som lærar på ungdomstrinnet og i fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande opplæring (trinn 8-13). Den kan også vere nyttig i forhold til leiing av opplæringsaktivitetar i bedrifter og i tilknyting til vaksenopplæring.