Tverrfagleg vidareutdanning i rehabilitering

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Rehabilitering er eit viktig og interessant fagfelt som vil ha eit auka fokus både i helse- og omsorgstenesta i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Tenester innan rehabilitering skal bidra til at pasient/brukar kan trena opp og halde ved like funksjonarfor å kunne leva eit mest mogleg sjølstendig liv ut frå eigne føresetnader og ynskjer.

Arbeidar du innanfor ein sektor som har brukarar/pasientar med funksjonsnedsetjing og som har eit potensielt rehabiliteringsbehov?

Med vidareutdanning i rehabilitering får du auka kompetansen din, og du får høve til å utvikle eit betre rehabiliteringstilbod der du er! Studieprogrammet er sett saman av to emne, EVH-REHAB116 og EVH-REHAB216, på 15 studiepoeng kvar.

EVH-REHAB116 har fokus på ei innføring i rehabilitering i form av juridiske føringar, definisjonar, verdigrunnlag og grunnlagstenkning. Emnet gir elles ein innføring i kartleggingsverktøy, bruk av planar, tverrfaglig samarbeid og rehabilitering på ulike arenaer, med hovudvekt på heime-/kvardagsrehabilitering til eldre.

EVH-REHAB216 byggjer på emne 1 eller tilsvarande, men skal i større grad bidra til dybdekunnskap og utvida forståing for rehabilitering. Dette inkluderer både å ta initiativ til, organisera og iverksetja rehabilitering i samarbeid med brukarar, pårørande og ulike yrkesgrupper. Emnet byggjer på sentrale element og omgrep i rehabilitering.

Undervisningsmåtar

Målgruppe:

Helsepersonell og eventuelt andre som har ansvar og oppgåver med rehabilitering til brukarar i eigen heim eller institusjonar.

 Arbeids- og undervisningsformer:

Førelesingar, sjølvstudier, rettleiing, skriftlig og praktisk individuelt oppgåvearbeid .

Arbeidskrav:

Obligatoriske arbeidskrav som vert spesifisert i semesterplan ved studiestart.

Organisering:

Det vert lagt opp til samlingsbasert undervisning på campus Haugesund, men førelesingane vert i tillegg overført digitalt slik at dei som ikkje har høve til å møta kan følgja undervisninga direkte på eigen PC eller sjå på opptak i ettertid. Studiet er derfor tilrettelagt for studentar utanom nærområda og for studentar som av ulike grunnar ikkje kan møta opp til undervisning på campus. Det vil difor vera naudsynt med eige datautstyr og kjennskap til bruk av dette, inkludert høgskulens elektroniske læringsplattform og kommunikasjonsverktøy. Høgskulen vil eventuelt gi naudsynt opplæring i dette.

Det må påreknas til dels omfattande arbeidsinnsats med ulike arbeidskrav.

Eksamen:

Heimeeksamen på 4 dagar for EVH-REHAB116 og fordjupningsoppgåve over fleire veker for EVH-REHAB216.