Studieplan - Tverrfagleg vidareutdanning i rehabilitering

Kull hausten 2019

Studieprogrammet inneheld to emne, EVH-REHAB116 og EVH-REHAB216.

EVH-REHAB116 har fokus på ei innføring i rehabilitering i form av juridiske føringar, definisjonar, verdigrunnlag og grunnlagstenkning. Emnet gir elles ei innføring i kartleggingsverktøy, bruk av planar, tverrfaglig samarbeid og rehabilitering på ulike arenaer, med hovudvekt på heime-/kvarrdagsrehabilitering til eldre.

 

EVH-REHAB216 byggjer på emne 1 eller tilsvarande, men skal i større grad bidra til dybdekunnskap og utvida forståing for rehabilitering. Dette inkluderer både å ta initiativ til, organisere og setje i verk rehabilitering i samarbeid med brukarar, pårørande og ulike yrkesgrupper. Emnet byggjer på sentrale element og omgrep i rehabilitering.

Målgruppe:

Helsepersonell og eventuelt andre som har ansvar og oppgåver innan rehabilitering til brukarar i eigne heimar eller institusjonar.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap:

Kandidaten:

  • Har inngåande kunnskap om rehabilitering som omgrep og kunnskapsområde
  • Har inngående kunnskap om tverrfaglig/tverrprofesjonelt samarbeid, samt kunnskap om brukarerfaringar
  • Har inngående kunnskap om rehabilitering på ulike arenaer

 Ferdigheter:

Kandidaten:

  • Analyserer og held seg kritisk til ulike kunnskapskjelder og anvender desse
  • Planleggjer, set i gong og evaluerar rehabilitering på individ, -gruppe og systemnivå
  • Kan aktivt vurdere trong for - og bruke planar for rehabilitering

 Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • Reflekterer kritisk over eigen fagutøvarrolle, verkemidler og rammevilkår
  • Analyserer relevante tverrprofesjonelle/tverretatlige problemstillingar for å fremje gode pasientforløp
  • Bidrar til nytenkning og innovasjon

Arbeidsformer

Førelesingar, sjølvstudier, rettleiing, skriftlig og praktisk individuelt oppgåvearbeid

Praktisk informasjon om studiet:

Det vert lagt opp til samlingsbasert undervisning på i campus Haugesund, men førelesingane vert i tillegg overført digitalt slik at dei som ikkje har høve til å møta kan følgja undervisninga direkte på eigen PC eller sjå på opptak i ettertid. Studiet er derfor tilrettelagt for studentar utanom nærområda og for studentar som av ulike grunnar ikkje kan møta opp til undervisning på campus. Det vil difor vera naudsynt med eige datautstyr og kjennskap til bruk av dette, inkludert høgskulens elektroniske læringsplattform og kommunikasjonsverktøy. Høgskulen vil eventuelt gi naudsynt opplæring i dette.

Det må påreknas til dels omfattande arbeidsinnsats med ulike arbeidskrav.

Vurderingsformer

Heimeeksamen på 4 dagar for EVH-REHAB116 og fordjupningsoppgåve over fleire veker for EVH-REHAB216.