Studieplan - Tverrfagleg vidareutdanning i rusproblematikk

Kull Hausten 2019

Innhald: 5 emne på til saman 60 studiepoeng med avsluttande eksamen i kvart emne

Praktisk informasjon om studiet: Deltidsutdanning med vekessamlingar/enkeltdagar på campus.

Profilering: Meistring, myndiggjering og relasjonskompetanse

Målgruppe: Personar i privat og offentlig sektor som arbeidar med rusproblematikk

Læringsutbytte

Kunnskap:

Kandidaten:

  • har avansert rusrelatert kunnskap om utfordringar inn mot forebyggjing og helsefremming
  • har inngåande kunnskap om korleis rusmiddelbruk- og avhengighet påverkar enkeltmenneske og familiane deira
  • har inngåande kunnskap om modellar for samhandling med brukarar/pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar

 

Ferdigheter:

Kandidaten:

  • kan identifisere, vurdere og setje i verk faglig forsvarlige tiltak for helsefremming, forebyggjing og behandling
  • kan syne forståing og respekt for menneske med rusproblematikk, deira livserfaring og livssituasjon
  • kan fremme betring, livskvalitet og meistring hos rusmisbrukarar med psykiske lidingar

 

Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • kan ta initiativ til tverrfaglig/tverretatlig samarbeid for å drøfte faglige problemstillingar og konklusjonar
  • kan formidle eigen kunnskap og tilkjennegi eigne ferdigheter i ulike yrkessammenhengar
  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskningsetiske problemstillingar på individ- og samfunnsnivå
  • kan analysere og handle i samsvar med rammevilkår med relevans til eigen yrkeskontekst

 

FoU-basering: Høgt nivå på pensumlitteratur. Forelesarar med fyrstekompetanse. Forelesarar frå eigen institusjon og frå kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsformer

Arbeids- og undervisningsformer: Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.

Praksis: Tverrfaglige rettleiingsgrupper gjennom heile studiet

Vurderingsformer

Heimeeksamen og oppgåve

Organisering

Studieplan:

RUS6101 Rusrelatert sosial- og helseproblematikk

RUS6202 Perspektiver på helsefremming, forebygging og behandling innen rusproblematikk

VIT6202 Vitenskapsteori, metode og etikk

RUS6103 Samtidige rus- og psykisk lidelser (ROP)

RUS6104 Brukerstyring og samhandling mellom tjenestenivå