Rektorutdanning - Utdanningsleiing

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Jobbar du som skuleleiar i grunnskule eller vidaregåande opplæring? Rektorutdanninga er eit tilbod til deg som ønskjer å utvikle deg som skuleleiar og vere med på å forme framtidas skule.

Vidareutdanninga er ein del av den nasjonale rektorutdanninga i regi av Utdanningsdirektoratet.

Utdanninga er bygd rundt dei fem hovudemna i det nasjonale rammeverket:

  1. Læring og leiing
  2. Styring og administrasjon
  3. Samarbeid og organisasjonsbygging
  4. Utvikling og endring
  5. Leiarrolla

Utviklingsarbeid, endring og leiarrolla er gjennomgangstema i utdanninga.

Rektorutdanninga er eit samarbeid mellom HVL, NLA Høgskolen i Bergen og KS-Konsulent, og er på masternivå. Studiet er tilrettelagt for å kunne kombinerast med full jobb.

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert, med 7 samlingar á 2 eller 3 dagar.

Med utgangspunkt i relevant teori, forsking og litteratur skal du kritisk reflektere over eigen praksis i læringsgrupper med andre studentar. Du deltar også i faste grupper med eigen rettleiar.

Arbeidskrava mellom nokre av samlingane opnar for individuell refleksjon over eiga læring og kunnskapsutvikling i lys av relevant litteratur. Du får mykje praktisk trening i korleis du som leiar kan møte ulike situasjonar i kvardagen.

Vil du studere meir?

Studiet kan innpassast i Master i organisasjon og leiing - utdanningsleiing ved HVL. Vidareutdanninga erstattar då emna Leiing og endring i organisasjonar og Leiing av pedagogisk verksemd. Rektorutdanninga kan også innpassast i masterutdanninga Pedagogikk med vekt på pedagogisk ledelse ved NLA og erstattar då emna Verdibasert ledelse og Ledelse av utdanningsorganisasjoner.

Timeplan

Samlingar 2019/2020

  • Haust 2019: 16.-18.september / 13.-15. november
  • Vår 2020: 21.-22. januar / 5.-6. mars / 16.-17. april
  • Haust 2020: 23.-25. september / 23.-25. november

Eksamensinnlevering: 17.desember 2020.